Røneid (Gaupne)
(Omdirigert fra «Røneid»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Røneid | |
---|---|
Røneid med Gaupnefjorden i bakgrunnen, fotografert av Knud Knudsen 1872-75 | |
Alt. namn: | Rønnei, Rånnøy |
Stad: | Gaupne |
Sokn: | Gaupne |
Fylke: | Vestland |
Kommune: | Luster |
Gnr.: | 88 |
Røneid (Luster, gnr. 88) er ein matrikkelgard og ei grend i Gaupne sokn i Luster kommune. Røneid ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i nord mot Kalhagen og i sør mot Gaupnefjorden og Joranger i Hafslo.
Røneid har historisk vore den mest folkerike garden i Gaupne sokn. Frå 1686 til 1696 var Røneid futegard då Johan Hansson Rue, fut i Sogn, budde her.
Her var i lang tid handelsstad som mellom anna vart mykje nytta av gardbrukarane frå Jostedalen.
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1991). Gaupne sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 4). Gaupne: Luster kommune, s. 651.
- «Handel og gjestgiveri på Røneid», Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
- «Rånnøy», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane