Røst kyrkje
Røst Kyrkje | |
---|---|
Røst kyrkje hausten 2019 | |
Foto: | Kurt E. Klappe-Holm |
Stad: | Røst |
Byggeår: | 1900 |
Endringar: | Påbygd 1971 |
Arkitekt: | Mikaelsen |
Materiale: | Tre |
Sitteplassar: | 270 |
Røst kyrkje er ei langkyrkje i tømmer på Røst. Ho vart bygga i 1900, og påbygga i 1971. Den har 270 sitteplassar.
Det har vore fleire kyrkjebygg på Røst opp gjennom historia. Den eldste kyrkja vi kjenner til brann i 1715. Ho vart erstatta av ei tømmerkyrkje med korsforma grunnplan sett opp i 1716, som vart rive i 1785. Det vart oppført ei ny kyrkje same stad, ho vart delvis ødelagt av brann etter lynnedslag i 1824, og etter at ho vart satt i stand totalt ødelagt av ein orkan i januar 1835.
Kyrkjestaden vart då flytta 680 meter mot nordaust, og det var sett opp ei lita steinkyrkje i 1839. Ho vart vigsla medan Christian August Grønvold var sokneprest på Værøy og Røst, og påbygd med kor og sakristi i tømmer i 1883. Ho vart rive i 1900.
Galleri
Kjelder
- Våre kirker. Utg. Vanebo. Kirkenær. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Røst kyrkje på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no
Artikkelen Røst kyrkje er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland
Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande. |