Radøy sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Radøy sogelag i Radøy i noverande Alver kommune vart skipa 22. februar 1989. Laget «har som formål å auka kunnskapen og fremja interessa for Radøy si lokale historie».

I 2019 hadde sogelaget 213 medlemmer.

Hovudaktivitetar

  • Driftsansvar for dei automatisk freda bygningane Bogatunet og Syltastova. Aktivitet og vedlikehald. På Bogatunet er det opplegg for skuleklassar, Bogatunstemne (frå 1991) og opne søndagar om sommaren.
  • Arrangement under kystsogevekene.
  • Grilltreff på historiske knutepunkt i kommunen (dampskipskaiar, samlingsstadar osb.).
  • Temakveldar - forskjellige historiske og lokalhistoriske tema.
  • Større arrangement aleine eller saman med andre lag/organisasjonar.
  • Sogeblad - lokalhistorie, kvardagshistoriar og større hendingar frå Radøy.
  • 1990: Innsamling av stadnamn og bumerke.
  • 2009: Innsamling av ord og uttrykk.
  • 2013: Gryta hennar mor.
  • 2016: Det store sildekastet.
  • 2018: Gamle dampen på Manger kai.

Leiarar

  • Karl Tjore
  • Sivert Halland
  • Berit Kvalvik
  • Einar Borgund
  • Heidi J. Mongstad

Publikasjonar

Laget medverka også til boka Nordhordland 1814-2014. Utg. 2014. {nb.no|NBN:no-nb_digibok_2019091977028}}.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer