Reina (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Reina
Snøtun.JPG
Røysi i framgrunnen til venstre, Snøtun til høgre.
Alt. namn: Røysi
Rydda: Ca 1825
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 209
Bnr: 1

Reina (Røysi) (Luster, gnr. 209/1) er eit gardsbruk i Krundalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Snøtun. Røysi sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Røysi ligg rett vest for gamletunet på Snøtun og i tilknyting til gamletunet. Området som Røysi ligg på, var ein del av husmannsplassen Bakkane som vart rydda kring 1774 og utskild frå Snøtun i 1800.

Røysi vart så utskild ved at Bakkane vart delt i to jamstore partar 7. juni 1825. Lars Pederson Snøtun, som var son til brukaren i Bakkane, fekk då skøyte på Røysi mot å yte kår til foreldra (sjå meir under Bakkane).

Røysi har lege utsett til for snøskred. I mars 2002 vart eit snøskred liggjande nokre få meter vest for gardshusa, og etter det er det bygt ein stor rasvoll.


Kjelder og litteratur