Rennarband

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Rennarband frå Tustna i Aure kommuneNordmøre.
Foto: Olve Utne (2018)

Rennarband er jarnstenger med glatt underside og oppbøygd tupp med hol til feste av «taumar» til å styre med. Når ein renner på rennarband — helst i nedtrakka eller nedkjørt snø, så står ein på banda og held i taumane for støtte og styring. Rennarband har vore i bruk i Dalarna, i Trøndelag og på Nordmøre, og elles her og der kring kystbyane sørover til Kragerø. I Dalarna og på Steinkjer og i Sparbu har det gjerne vore rent på eitt band med taum.; andre stader har ein oftast bruka to. Rennarband var mest bruka frå kring 1870 og litt inn på 1900-talet. I Kristiansund fikk dei ein oppsving att under oljekrisa i 1973.

Rennarbanda er i slekt med kässjor — to korte treski med taum framme. Kässjor har tradisjonelt vore bruka i Dalarna og Hälsingland.

Kjelder og lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!