Fylkesveg 64 (Møre og Romsdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Riksvei 64»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fylkesveg 64, tidlegare riksveg 64, går frå Åndalsnes i Romsdal til KristiansundNordmøre. Vegen er 126,7 kilometer lang pluss ferjesamband. Atlanterhavsvegen er ein del av fylkesveg 64. Fram til 2010 var han ein riksveg, men ikkje stamveg. Difor var han ein av vegane som då vart overført til fylket.

Opphavleg gjekk vegen berre frå Åndalsnes via ferjesambandet Åfarnes–Sølsnes og ferjesambandet Lønset–Grønnes til Lønset i Molde. Frå Molde til Kristiansund var vegen skilta som riksveg 67. Dette vart enda i 1989, då Atlanterhavsvegen vart opna. Vegen gjekk då til Bremsnes, og så vidare med ferjesambandet Bremsnes–Kristiansund. I 1991 vart ferja mellom Lønset og Grønnes erstatta av Fannefjordtunnelen, og i 2009 erstatta Atlanterhavstunnelen ferjesambandet Bremsnes–Kristiansund. Det er såleis no berre eitt ferjesamband på strekninga.

Traseen er:

Frå Fannefjordtunnelen til Årødalen følgjer vegen same trasé som E39.

Litteratur