Roaldhuset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Roaldhuset er eit bygg midt i Aure sentrum i Sykkylven. Huset har romma ulike verksemder, men er mest kjent som bakeri og kafelokale. Det var Anton Roald som førte opp bygget. Han kom frå Vigra som bakarsvein til svigerfar sin, Bastian Aure. Roald bygde hus på denne tomta i 1924 og tok over bakeriet til svigerfaren. Bakeriet fekk namnet Sykkylven Elektriske Bakeri og hadde utsal av bakarvarer. Kring 1950 vart lokala utvida, og det vart innreidd kafé. Kafé Palmen, som kaféen heitte på folkemunne, fekk tretti sitteplassar.

Anton Roald døydde i 1957, og frå då av var det sonen Bastian og kona hans Kjellaug som saman med mora hans, Astrid Aure Roald, stod føre drifta. Lokala vart etter kvart for tronge, og dei måtte bestemme seg for tilbygg eller nybygg. Resultatet vart at gamlehuset blei flytta til Storgata 13 for å gje plass til eit nybygg i tre høgder, og kjellar i tillegg. I dette huset dreiv Bastian Roald bakeriverksemd frå 1962. Kona Kjellaug stod for kafédrifta.

Etter nokre år kom sonen deira, Anton Leon, med i drifta, og frå midten av 1990-åra var det han som tok over ansvaret for det som hadde blitt rein kaféverksemd. Moritz Soltvedt tok over bakeriet i 1985 og dreiv det vidare i desse lokala nokre år.

Roald-kafeen var ein mykje brukt møteplass og kafé. Lokala vart grunna si sentrale plassering også nytta til kulturarrangement og møte.

Etter at Anton Leon Roald avvikla kafédrifta i 2007, dreiv Focus Sport her nokre år før det igjen vart etablert serveringsstad i lokala.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.