Romanifolkets historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Romanifolk (òg bl.a. kalla reisande) er ei fellesnemning for skandinaviske folkegrupper av delvis indisk opphav som tradisjonelt har hatt ein omreisande livsstil med næringsvegar som musikk, handverk (særleg metallarbeid), kolportasje og småhandel. Særleg innanfor musikk og handverk har mange medlemmer av romanifolket gjeve sentrale bidrag til den generelle skandinaviske kulturen. Romanifolka er offisielt definerte som ein nasjonal minoritet både i Noreg og Sverige.

Det nomadiske levesettet og ein kultur som for mange verkar framand har ført til at romanifolk gjennom tida ofte har vorte utsett for overgrep av forskjellege slag, alt frå å verte jaga frå bygda til at barn vart tekne frå foreldra og tvangssterilisering.