Rue (Tinn gnr 59)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Rui (Tinn gnr 59)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rue
Alt. namn: Rui
Stad: Gausetbygde
Sokn: Atrå
Fylke: Telemark
Kommune: Tinn
Gnr.: 59

Rue er ein matrikkelgard i Atrå sokn i Tinn kommune. I Tinn soga (s. 296) skriv Halvor H. Einung at gardsnamnet tyder rudning. Garden vart truleg rydda i mellomalderen, då han vart skild ut frå ein større grannegard.

På 1500- og 1600-talet var Rue underbruk og låg i skattelag med Nørstegard og Ormsjorden. Frå 1700-talet var staden sjølvstendig gard att. Bruket Under-Rue vart delt frå i 1758, men i 1875 selde Ola Knutsson attende til hovudbølet. Gunnulv Jonsson (f. 1841) overtok dette samstundes som han kjøpte Under-Rue.

Kjelder