Särrgajávvre
Hopp til navigering
Hopp til søk
Särrgajávvre (pitesamisk), normert til lulesamisk Sierkkajávrre og til Risvatnet på norsk, er eit vatn i Saltdal kommune i Salten. Namnet kjem av pitesamisk säđđga (genitiv sieđga), sørleg dialekt särrga, som tyder ‘vier’ (Salix lapponum el. Salix glauca), og jávvre, som tyder ‘vatn’, ‘innsjø’. Vatnet har tilrenning frå Dårrojåhkå (Doarroelva) og avrenning til Särrgajåhkå.
Skrivemåtar
- Sær’ga-jaw’rē (Qvigstad, Just. De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Utg. Aschehoug. Oslo. 1938. Digital versjon på Nettbiblioteket..)