Sømna prestegard (Sømna gnr. 47/10)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sømna prestegard
Sømna prestegård.jpg
Sømna prestegard
Alt. namn: Sømhovd, Hauan
Fylke: Nordland
Kommune: Sømna
Gnr.: 47
Bnr: 10

Sømna prestegard er ein prestegard i Sømna kommune. Den er bruksnummer 10 under Sømhovd (Sømna gnr. 47).

I 1900 vart Sømna eit eige prestegjeld, under namnet Vik prestegjeld. Den nytilsatte soknepresten Karl Herman Bjølstad ønska denne prestegarden, og kyrkjedepartementet kjøpte garden for 5000 kr i 1904.[1]

I Matrikkelen 1903-1908 har garden ei matrikkelskyld på 1 mark og 50 øre.[2] Det er lågt til ein prestegard å vere.

I 2000 var garden framleis i offentlig eie. Den er lista som ein jord-/skogbrukseigedom, og kjøpe-/byggesum er oppgjeve som 138 000 kr. Bygningane var då presteboligen frå 1904 og ein garasje.[3]

Referansar

  1. Sømna. Utg. Sømna kommune. Vik i Helgeland. 1992. Digital versjonNettbiblioteket. s. 136
  2. Norges matrikel. Utg. Stenersen. Kristiania. 1907. Digital versjonNettbiblioteket. s. 17
  3. Oversikt over statens eiendommer. Utg. Departementet. Oslo. 2000. Digital versjonNettbiblioteket. s. 47

Eksterne lenker


Artikkelen Sømna prestegard (Sømna gnr. 47/10) er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.