Saltværing (båt)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Saltværing av eldre type: Krumstemning frå Misvær i Bodø kommune, no i samlingane til Norsk Maritimt Museum.
Foto: Olve Utne

Saltværing er den varianten av nordlandsbåtar som tradisjonelt blir bygd frå Salten og nordover. Samanlikna med ranværingane og bindalsbåtane har dei relativt mindre spring, og framskotten er gjerne meir utlagt. Generelt har båtane nordom Saltfjellet alltid vore bygd i furu, medan ranværingane og bindalsbåtane av nyare, rettstemna type normalt har vore bygd i gran. Det er usikkert kva ulikheiter det har vore mellom båtane bygd i Salten og Ofoten på den eine sida og båtane bygd nord i Troms og Finnmark på den andre, men ein tendens er at båtar som har vore brukt opp mot Finnmark gjerne har vorte borda opp med eit ekstra omfar.

Sjå òg

Kjelder og litteratur

Denne artikkelen trenger kjelder.