Sanddal (Stavanger gnr. 38/8 og 9)

Sanddal er namn på fleire gardsbruk i Madla i Stavanger kommune. Dei låg ved sørenden av Stora Stokkavatnet.

Sanddal
Alt. namn: Sandal
Fylke: Rogaland
Kommune: Stavanger kommune
Gnr.: 38
Bnr: 8 og 9 mfl.
Type: Gardsbruk

I 1836 fekk brørne Gunder og Thore Thorsen fra Høyland, kjøpt ein gardspart i søre enden av Stora Stokkavatnet. Dette var bruksnummer 8, gardsnummer 38. Dei kjøpte av oberst Michael Smith som då åtte heile Madlagarden (gnr. 38/1).

Dei hadde kome til Stavanger og tok svennebrev. Gunder vart garvar og Thore snekker. Gunder oppførde eit garveri ved Breiavatnet. I 1844 drog Thore til sjøs, mens kona Rakel Marie flytte til Sandal med barna.

I 1862 døde Gunder, og gardsbruket vart delt i bruksnummer 8 og 9. Kona til Thore beheldt bruk nr. 8, mens sonen Tobias kjøpte bruk nr. 9 på auksjon.

I 1871 hadde dei ikkje høyrt noko frå Thore, og arvingane fekk ein "dødsformodningsdom", slik at arven kunne delast.

Bruksnummer 8 vart fyrste teke over av Peder Tønnesen frå Klepp. Sidan kjøpte Ludvig Larsson Meling garden. Deler av bruk nr. 8 vart skilt ut seinare til bruksnummer 11 og 12.

Det var Tobias som tok over bruksnummer 9. Det var Tobias som bygde huset i Sandal 1864-1865, no Sisikveien 63. Det vart brukt tømmer frå den såkalla konsumpsjonsbua (tollbua) frå 1660. Det var slik at folk sørfrå måtte betale ei avgift inn til byen. Dette vart det slutt på i 1827.

Tormod Ropeid skal seinare sagt når han såg reisverket på huset: "Dei kunne øksa dei gamle."

Tobias Thorsen gjekk konkurs i 1869. Familien reiste til Amerika.

Slik vart det til at Eivind Garborg kjøpte bruksnummer 9 i 1871. Etter tragedien med Eivind, tok sonen Jon Garborg over bruket, 20 år gamal. Same året i 1871 vart bruksnummer 9 delt og Henrik Eriksen Hovland tok over bruk 10. Osmund Gabrielsen gjorde opptakt til bruk 13 då dette vart skilt ut frå nr. 10. Bruk 9 kjøpte han av Jon Garborg då han flytte til Austlandet. Same året i 1898 kjøpte Andreas Ropeid bruksnummer 9.

Bruksnummer 13 vart delt frå bruksnummer 10 i 1884. Det var Ommund Finnesand frå Rennesøy som kjøpte eit lite bruk nr. 49 av bruk nr. 10. Vidare kjøpte han bruksnummer 13. Eit lite bruk skilt ut frå bruk 39-40, vart bruksnummer 63.

I 1904 kjøpte så Halvard Selvåg bruksnummer 13, og i tillegg nr. 49 og 63 til eitt bruk, nr. 13.

Jone Selvåg bruksnummer 139, skilt ut i 1923 av bruksnummer 13. Seinare i 1927 fekk Jone kjøpt ein del av bruksnummer 8 ned til Store Stokkavatn. Dette var om lag 20 dekar. Garden var då om lag 30 dekar. For å få eit betre grunnlag for bureising fekk Jone ta over Sundemarka som svigerfar Olaus Vigesdal åtte. Då vart det mogeleg å ha fleire kyr, i tillegg til grønnsakdyrking ned ved vatnet.

Bruksnummer 9 vart drive av Andreas Ropeid utover 1900-talet. Deretter tok Tormod over. Lars Ropeid dreiv garden utover etter krigen.I 1960 var det boligbygging, og Lars kjøpte seg gard på Heigre på Voll. Sonen har nå teke over, etter at Lars gjekk bort.

Jone Selvåg dreiv til 1965. Jostein tok over. I 1975 og utetter vart det meste nedbygd. Rundt år 2000 vart siste del bygd ut, og strandeigedomen tatt ut til friområde. Jone og Hanna bygde nytt hus i Fasanvegen. Dette står enda, og er teke i bruk av familien Olav Hatteland.

Ingvald Hovland bruk nr. 10 er no heilt bygd ut. Det er bare friområde nede ved vatnet som enda ikkje er løyst inn av Stavanger kommune.

Arne Selvåg bruksnummer 13 er no heilt bygd ut. Arne tok over i 1939, det var dette året Halvard gjekk bort.

Denne artikkelen trenger kjelder.