Sara With (1847–1938)

(Omdirigert fra «Sara Brissach (1847–1938)»)

Sara Caroline Christine With f. Brissach (fødd 9. mai 1847 i Trondheim, død 24. oktober 1938 i Molde) var fotograf i Kristiansund frå kring 1860 til kring 1870. Ho bruka gummistempel med namnet Sara Brissach på bileta sine.

Ho var dotter av fyrvoktar Peter August Brissach og Sara Andrea Brissach, f. Baumann.

Ho vart i 1874 gift med Sivert Anthon Dahl With (f. 1844), og dei fekk fleire born. Familien busette seg i Molde, og det er ikkje spor etter nokon aktivitet som fotograf etter at ho vart gift. I 1900 hadde dei flytta til Kristiania, og i 1910 finn vi dei i Stokmarknes; ho er då oppført som husmor. Då ho døydde i 1938, 91 år gammal, budde ho i Molde.

Kjelder


  Sara With (1847–1938) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som var tilgjengelig i en nå nedlagt database på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!