Siljan bakeri og konditori

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Siljan bakeri og konditori vart starta av Alf Flatin i 1939.[1]

Annonse frå Alf Flatin sitt bakeri i Norges Turistforbunds reisehåndbok, del II, Drammen, 1955.

Historikk

Alf Flatin (født 13. januar 1907) i Skien, gjekk i lære hjå bakermester N. Nilsen i Skien. Han starta eige bakeri i Oscars gate i Skien 1. september 1927. Broren, Sverre Flatin, tok over bakeriet i 1939 og dreiv det fram til 1974. Alf flytta verksemda til eige nybygg i Siljan, og innreia det moderne som bakeri og kafé. Kring 1949 beskjeftiga verksemda tre mann.

Firmaet hadde desse utsalsstadene: Siljan Landhandel, Kiste Landhandel, Siljan Samvirkelag, Toklev Landhandel, Ivar Solvang, O. J. Vestby, Lårdal Samvirkelag, Vinfellhytten, Åmot Kafe og Siljan Bakeri og Kafe.

I 1990 var bakeriet framleis i drift, då tredje generasjon dreiv det vidare.[2]

Referansar

  1. Johan E. Holand, Det var engang et bakeri..., Skien, 1990, s. 52
  2. Holand, 1990, s. 52

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • Johan E. Holand, Det var engang et bakeri..., Skien, 1990.