Skipreider i Sogn og Fjordane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skipreider og sokn i Sogn og Fjordane 1647

Skipreider i Sogn og Fjordane er eit oversyn over skipreideinndelinga slik ho var på 1700-talet. Lista inneheld dei 32 skipreidene som fanst i Nordre Bergenhus amt i 1723. Nokre få skipreider var då delte sidan 1600-talet, og gjennom 1800-talet gjekk skipreideinndelinga gjennom store endringar. Tidleg på 1800-talet tok tinglagsnemninga over på Vestlandet.

Prestegjeldstilknytinga for sokna tek utgangspunkt i inndelinga etter utskiljinga av Lavik frå Eivindvik i 1809. Fylket hadde då 21 prestegjeld. Oversynet tek såleis ikkje opp i seg dei mange prestegjelds- og kommunedelingane gjennom 1800-talet (sjå kommuneinndelinga i Sogn og Fjordane). I 1900 var talet på prestegjeld kome opp i 28 medan talet på kommunar då var oppe i 34 (etter 1923 var det 39 kommunar).

Fogderi Skipreide Sokn (og prestegjeld)
Indre Sogn Lærdal skipreide I Lærdal prestegjeld: Tønjum sokn, Hauge sokn
Indre Sogn Borgund skipreide I Lærdal prestegjeld: Borgund sokn
Indre Sogn Årdal skipreide I Lærdal prestegjeld: Årdal sokn

I Hafslo prestegjeld: del av Urnes sokn

Indre Sogn Luster skipreide I Luster prestegjeld: Nes sokn, Dale sokn, Fortun sokn, det meste av Gaupne sokn (unnateke Leirdal)
Indre Sogn Marifjøra skipreide I Hafslo prestegjeld: Joranger sokn, Fet sokn, del av Urnes sokn

I Luster prestegjeld: del av Gaupne sokn

Indre Sogn Solvorn skipreide I Hafslo prestegjeld: Hafslo sokn, Solvorn sokn
Indre Sogn Jostedal skipreide Tilsvarte Jostedal prestegjeld (berre eitt sokn)
Indre Sogn Sogndal skipreide I Sogndal prestegjeld: del av Stedje sokn
Indre Sogn Norum skipreide I Sogndal prestegjeld: Norum sokn, Kaupanger sokn, del av Stedje sokn
Ytre Sogn Aurland skipreide I Aurland prestegjeld: Vangen sokn, Flåm sokn
Ytre Sogn Nærøy skipreide I Aurland prestegjeld: Undredal sokn

I Voss prestegjeld: Oppheim sokn (til Vangen skipreide 1773)

Ytre Sogn Systrond skipreide I Leikanger prestegjeld: Leikanger sokn, del av Tjugum sokn
Ytre Sogn Tjugum skipreide I Leikanger prestegjeld: Fresvik sokn, Feios sokn, Fjærland sokn, del av Tjugum sokn

I Vik prestegjeld: del av Vangsnes sokn

Ytre Sogn Kvamsøy skipreide I Vik prestegjeld: Kvamsøy sokn, Arnafjord sokn, del av Vangsnes sokn, del av Hopperstad sokn, del av Hove sokn

I Leikanger prestegjeld: del av Tjugum sokn I Lavik prestegjeld: del av Kyrkjebø sokn

Ytre Sogn Vik skipreide I Vik prestegjeld: Hopperstad sokn, del av Hove sokn
Ytre Sogn Klevald (Klævold) skipreide I Lavik prestegjeld: Kyrkjebø sokn, del av Lavik sokn
Ytre Sogn Lavik skipreide I Lavik prestegjeld: Bø sokn, del av Lavik sokn

I Eivindvik prestegjeld: Brekke sokn, del av Eivindvik sokn I Askvoll prestegjeld: del av Hyllestad sokn, del av Øn sokn

Ytre Sogn Utvær skipreide I Eivindvik prestegjeld: Husøy sokn, del av Eivindvik sokn

I Askvoll prestegjeld: del av Vilnes sokn, del av Øn sokn

Sunnfjord Brandsøy skipreide I Kinn prestegjeld: Kinn sokn, Bru sokn, Bremanger sokn

I Førde prestegjeld: Vevring sokn

Sunnfjord Førde skipreide I Førde prestegjeld: Førde sokn, Holsen sokn, Naustdal sokn
Sunnfjord Jølster skipreide I Jølster prestegjeld: Jølster sokn, Helgheim sokn
Sunnfjord Askvoll skipreide I Askvoll prestegjeld: Askvoll sokn, del av Vilnes sokn, del av Øn sokn, del av Hyllestad sokn
Sunnfjord Ytre Dale skipreide I Ytre Holmedal prestegjeld: Dale sokn, Holmedal sokn, Guddal sokn
Sunnfjord Indre Dale skipreide I Indre Holmedal prestegjeld: Sande sokn, Bygstad sokn, Vik sokn
Nordfjord Stadt skipreide I Selje prestegjeld: Selje sokn, Vågsøy sokn
Nordfjord Davik skipreide I Davik prestegjeld: Davik sokn, Rugsund sokn, Ålfoten sokn
Nordfjord Eid skipreide I Eid prestegjeld: Eid sokn, Stårheim sokn
Nordfjord Hornindal skipreide I Eid prestegjeld: Hornindal sokn
Nordfjord Stryn skipreide I Innvik prestegjeld: Innvik sokn, Utvik sokn, Oppstryn sokn, Nedstryn sokn
Nordfjord Olden skipreide I Innvik prestegjeld: Olden sokn, Loen sokn
Nordfjord Gloppen (Gimmestad) skipreide I Gloppen prestegjeld: Gloppen (Gimmestad) sokn, Vereide sokn, Hyen sokn
Nordfjord Breim skipreide I Gloppen prestegjeld: Breim sokn

Kjelder og litteratur