Kommuneinndelinga i Sogn og Fjordane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kommuneinndelinga i Sogn og Fjordane er eit oversyn over i inndelinga sidan opprettinga av kommunane i 1838. Oversynet går så langt fram til 1962.

Skipinga 1838

Formannskapsdistrikta (kommunane) vart skipa frå 1. januar 1838 etter at Stortinget 14. januar 1837 hadde vedteke formannskapslovene, ei for byane og ei for landdistrikta. I Nordre Bergenhus amt var det i 1837 ingen byar (kjøpstader, ladestader), så det var Lov om Formandskaber paa Landet som galdt. Lova (§1) la prestegjeldsinndelinga til grunn for den nye verdslege kommunale eininga, som fekk nemninga formannskapsdistrikt. Det kunne likevel gjerast unntak frå prestegjeldsprinsippet, så i 1838 var landet delt inn i 320 prestegjeld, men 355 formannskapsdistrikt.

I Sogn og Fjordane var det i 1838 21 prestegjeld og 22 formannskapsdistrikt. Unntaket var Vevring sokn som vart eigen kommune. Vevring høyrde til Førde prestegjeld, men høyrde til Brandsøy tinglag i lag med sokna i Kinn (sjå oversynet skipreider i Sogn og Fjordane). I slike tilfelle sa lova at dei røysteføre i soknet med vanleg fleirtal kunne avgjere at soknet skulle vere eit eige formannskapsdistrikt. Førde formannskapsdistrikt omfatta såleis sokna Førde, Holsen og Naustdal.

Eit minus med ei slik deling var at prestegjeldet framleis berre hadde 1 røyst i amtsformannskapet (fylkestinget), så ordførarane i Vevring og Førde hadde ½ røyst kvar. Jostedalen hadde òg berre ½ røyst fordi kommunen hadde under 50 røysteføre.

Kommunane 1838

Då formannskapslovene vart sette i verk 1. januar 1838, hadde Nordre Bergenhus amt desse formannskapsdistrikta (med namna frå kring 1840):

Formannskapsdistrikt Opphav Kommunar i dag
Sælløe Gamalt prestegjeld Selje og Vågsøy
Davig Oppretta som prestegjeld 1740 ved delinga av Eid prestegjeld Bremanger (stor del) og Eid (mindre del)
Eid Gamalt prestegjeld Eid og Hornindal (mindre del)
Gloppen Gamalt prestegjeld Gloppen
Indvigen Gamalt prestegjeld Stryn
Kind Gamalt prestegjeld Flora
Askevold Gamalt prestegjeld Askvoll
Yttre Holmedal Oppretta som prestegjeld 1755 ved delinga av Holmedal prestegjeld Fjaler
Indre Holmedal Oppretta som prestegjeld 1755 ved delinga av Holmedal prestegjeld Gaular
Førde Gamalt prestegjeld, men berre sokna Holsen, Førde og Naustdal Førde og Naustdal
Vevring Sokn i Førde prestegjeld Delt mellom Askvoll og Naustdal
Jølster Gamalt prestegjeld Jølster
Evindvig Gamalt prestegjeld Gulen, Solund og Hyllestad (mindre del)
Ladvig Oppretta som prestegjeld 1809 ved delinga av Eivindvik prestegjeld Hyllestad og Høyanger
Vig Gamalt prestegjeld Vik
Leganger Gamalt prestegjeld Leikanger
Urland Gamalt prestegjeld Aurland
Leirdal Gamalt prestegjeld Lærdal og Årdal
Sogndal Gamalt prestegjeld Sogndal
Hafsloe Gamalt prestegjeld Del av Luster
Lyster Gamalt prestegjeld Del av Luster
Justedal Gamalt prestegjeld Del av Luster

Nye kommunar 1838-1962

Frå 1840-åra til kring 1930 vart ei rekkje kommunar delte i alle fylke, også Sogn og Fjordane. Den siste kommunedelinga i Sogn og Fjordane i denne perioden var i 1923. I dei fleste tilfella vart både prestegjeldet og kommunen delte, men det fanst òg unntak. Etter dette låg kommunedelinga fast til 1963 då ein periode med omfattande samanslåingar byrja.

Kommunar i Sogn og Fjordane 1923-1962:

Kommune Skipingsår og endring 1838-1962 Folketal 1946
Gulen Frådelt Solund og Brekke 2975
Solund Skild ut frå Eivindvik (Gulen) 1858 1910
Hyllestad Skild ut frå Askvoll 1862 2234
Brekke Skild ut frå Eivindvik (Gulen) 1850. Saman med Lavik frå 1861, eigen kommune att frå 1905 847
Lavik Frådelt Kyrkjebø. Saman med Brekke 1861-1904 990
Kyrkjebø Skild ut frå Lavik 1858 4854
Vik Udelt 1838-1962 3266
Balestrand Skild ut frå Leikanger 1850 2097
Leikanger Frådelt Balestrand 2601
Sogndal Udelt 1838-1962 3661
Aurland Udelt 1838-1962 2372
Lærdal Frådelt Årdal og Borgund 1925
Borgund Skild ut frå Lærdal 1864 605
Årdal Skild ut frå Lærdal 1863 2182
Hafslo Udelt 1838-1962 2872
Luster Udelt 1838-1962 2957
Jostedal Udelt 1838-1962 977
Askvoll Frådelt Hyllestad 3322
Fjaler Udelt 1838-1962 3930
Gaular Udelt 1838-1962 3234
Jølster Udelt 1838-1962 2925
Førde Frådelt Naustdal 3082
Naustdal Skild ut frå Førde 1896 2274
Vevring Udelt 1838-1962 975
Florø (by) Skild ut frå Kinn med bystatus 1861 1586
Eikefjord Skild ut frå Kinn 1923 1012
Bru Skild ut frå Kinn 1923 1476
Kinn Frådelt Florø, Bremanger, Eikefjord og Bru 2685
Bremanger Skild ut frå Kinn 1866 3148
Sør-Vågsøy Skild ut frå Selje 1910 2837
Nord-Vågsøy Skild ut frå Selje 1910 1176
Selje Frådelt Sør- og Nord-Vågsøy 3634
Davik Udelt 1838-1962 3658
Eid Frådelt Hornindal 3409
Hornindal Skild ut frå Eid 1867 1608
Gloppen Frådelt Breim 3779
Breim Skild ut frå Gloppen 1866 1794
Innvik Frådelt Stryn 3159
Stryn Skild ut frå Innvik 1843 2851

Dei 22 kommunane i 1838 hadde såleis auka til 39 i perioden 1923-62. 17 nye kommunar var såleis oppretta gjennom deling av gamle. Av dei 22 opphavlege kommunane var 11 delte medan 11 hadde same utstrekning som i 1838 om ein ser bort frå mindre grensereguleringar.

Etter kommunesamanslåingane 1963-1965 kom det ei deling til: Hornindal vart delt frå Stryn att i 1977.

Kjelder