Skjåks historie 1800-1940

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

I 1798 gjekk gardbrukarane i Skjåk saman og kjøpte ålmenninga av Bernt Anker. Dette var ei skilsetjande storhending i bygdehistoria som har hatt djuptgripande verknader for bygda, økonomisk, sosialt og jamvel politisk. Frå da av utgjorde gardbrukarane i søre bygda (hovudsoknet og synste delen av Nordberg) eit grunneigar- og husbondskollektiv, og på lengre sikt også eit arbeidsgjevarfellesskap, overfor husmanns- og skogsarbeidarfamiliane i dei nye grendene i ålmenningsdelen av Nordberg.

Fyrst på 1800-talet opplevde Skjåk ei ganske sterk haugiansk vekkjingsrørsle. Hans Nielsen Hauge sjølv vitja Skjåk i september 1803. Fire skjåkværar, deriblant Syver Sylfestsen Hyrve, vart rettsforfølgde.

Skjåk vart eige prestegjeld frå 13. desember 1863. Nordberg vart skilt ut som annekssokn frå 1. januar 1866, same datoen som Skjåk vart eige herad utskilt frå Lom.

Dei fyrste som emigrerte til Amerika frå Skjåk drog i 1857. Skjåk var blant dei bygdene i landet som hadde relativt flest utvandrarar. Mellom 1865 og 1910 gjekk folketalet ned med 20%, i hovudsak som følgje av denne utvandringa.

Billeg utanlandsk korn frakta på jernbane, tilbod om anleggsarbeid rundt om i landet og emigrasjonen tvinga fram store endringar i landbruket også i Skjåk etter 1880. I dei same siste tiåra av århundret skjedde også store endringar innan kommunikasjonssektoren, og det vart oppretta institusjonar som var knytta til eit aukande pengehushald. I 1865 kom det fyrste postopneriet i bygda. Telefonen kom med Skeaker Telefonselskab i 1894. Det pågjekk store utbetringar av vegsambandet i og gjennom bygda frå 1850-åra av. I 1880 var det kome brukbar køyreveg heilt vest til Grotli. Vegane over fjellet frå Grotli vart ferdige høvesvis i 1889 (Geirangervegen) og 1894 (Strynefjellsvegen.) Skedagers Brandassuranceforening (Skjåk brannkasse) vart skipa i 1869, Lom og Skjåk sparebank i 1873. Den fyrste krambua i bygda kom i 1857, på garden Bakke. Innan århundret var ute var det kome butikkar i mest kvar grend.

Frå og med fyrste verdskrigen har næringslivet vorte stadig meir differensiert. Det vart sett i gang fleire foredlingsverksemder basert på jord- og skogbruk: møller, ysteri og sagbruk. Viktigast av ysteria var Lom og Skjåk Dampysteri som starta opp i 1924 i samarbeid med Lom. Mindre trevarefabrikkar og annan småindustri kom også i gang. I 1919 vart det bygd kraftverk i Aura, og monalege delar av søre bygda fekk tilbod om innlagt straum. Etter 1914 vart det danna fleire rutebilselskap i Skjåk og Ottadalen. Det revolusjonerte transporten ned til Otta, der det var blitt jernbanestasjon frå 1896. Ein større bilverkstad vart etablert i Bismo. I 1930 vart det nye sagbruket og høvleriet til Skjåk Almenning innvia. Frå da av skjedde mykje av treforedlinga innabygds, medan det før hadde vore einsidig eksport av rundtømmer.

Den fyrste fagforeininga i Skjåk vart skipa ved ålmenninga same året som det nye sagbruket vart starta. Gardbrukarane hadde tidlegare organisert seg i bondelag og småbrukarlag.

Politisk vart det danna Venstre og Høgre frå 1880-åra. Tidleg på 1900-talet var Venstre-grupperinga ArbeiderdemokrataneCastberg-Venstre») viktig. Arbeidarpartiet og Bondepartiet vart organisert i 1920-åra. Arbeidarpartiet følgde i nokre år Norges kommunistiske parti etter splittinga i 1923. Arbeidarpartiet fekk fleirtal i kommunestyret frå 1935, og etter den tid har Arbeidarpartiet og Bonde-/Senterpartiet skifta om å vere det leiande partiet i bygda, i hovudsak utan konkurranse frå andre enn ymse partipolitisk uavhengige lister.


Sjå også desse artiklane: