Skoltesamiske båtar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skoltebask av elvebåttype frå kring 1900, no i Norsk Maritimt Museum.
Foto: Olve Utne

Skoltesamiske båtar inkluderer skoltebask — eit namn som viser til relativt lette og korte elvebåtar for bruk i breie og rolige elvar, så vel som litt større båtar til bruk i inste fjordstrøk; og veenâs — noko større fjord- og havfiskebåtar. Skoltebåtane har til felles at bordgangane gjerne er sydd heller enn klinka, at det enkle, symmetriske råseglet, når det blir brukt, gjerne er breiare oppe enn nede, og at båtromma er relativt småe. Dei største båtane blant skoltesamar og andre austsamar så vel som russarar på Kolahalvøya var sjnjaka — store og grovbygde, opne båtar med lengd på kring 7–12 meter og éi til to mastrer, der stormastra var råsegl- eller spriseglrigga og mesanmastra, når ho fanst, var gaffelrigga.

Elvabåten — bask

Sjøbåten — veenâs (vanas)

Det finst bevart éin skoltesamisk sjøbåt i Tromsø Museum, nemlig ein treroms «vanas» (skolt.sam. veenâs) med éi master og eit råsegl som var vidare oppe enn nede. Denne båten blei bygd til vårtorskefisket i 1870. Kjølen går frå stamn til stamn og har tydelig T-profil. Stamnprofilane er i all hovudsak identisk med den vesentlig større sjnjakaen: Bakstamnen er rett og utfallande, medan framstamnen er sterkt krumma og avsluttar i ein markant innsving øvst. Det er tre omfar på båten: to botnomfar og eitt sideomfar, med tydelig knekk mellom botnen og sida. Omfara er hogd, og dei er ihopsett med overlapp etter klinkbyggingsprinsippet, men med alderdommelig sying med hamptråd snarare enn klinka jarnsaum, og med mose som drev. Banda (spanta) står tett, og den treroms, 11-fots båten har heile ni band. Einaste tverravstiving er i samband med toftene, som er loddrette bord som kviler an mot banda i heile høgda av sideomfaret og som ligg an mot det kraftigare botnbandet rett over kjølen. Øvst på toftebordet gjer ein L-forma knekk mot ryggsida til roarane at sitteflata blir brei nok. I dei to fremste rorsromma satt rorskaran med ryggen mot framstamnen og rodde vanlig. I det attaste rommet satt høvedsmannen og hamla. Under segl, når roret måtte brukast, blei det brukt styrvol.

Dimensjonane på båten er vesentlig mindre enn på tilsvarande norske båttypar. Dét heng nok delvis i hop med at skoltesamiske menn i eldre tider ser ut til å ha hatt ei gjennomsnittslengd på kring 1,50 m. Men det kan nok òg spele inn at det attaste rommet alltid blei hamla frå, så vel som at mastrefestet i framkant av midttofta gjorde at berre fram- og attrommet var brukande til roing når mastra var oppe.

Storbåten — sjnjaka

Sjå hovudartikkelen under Sjnjaka.