Skulehistorie i Stranda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulehistorie i Stranda gjev eit oversyn over skulekrinsar, skulebygningar og kjelder frå Stranda_Kommune si skulehistorie frå 1741. I 1965 blei Stranda og Sunnylven Kommune slått saman til Stranda kommune, slik at denne sida omfattar også skulehistoria for tidlegare Sunnylven kommune. Ved etablering av skulevesenet i Norge i 1739 var Sunnylven i geistleg samanheng del av Norddal prestegjeld, og Sunnylven og Geiranger blei eige prestegjeld i 1861. Stranda var del av Ørskog prestegjeld, men frå 1762 blei Stranda eige prestegjeld og omfatta dei to sokna Stranda og Stordal.

Skuleordninga for Sunnmøre 1742

I 1739 fekk Noreg skulelov som fastsette skuleplikt for barn frå sju-års alder. Det var sokneprestane si oppgåve å organisere skulen, men lova var langt frå detaljert nok til å starte undervisninga. På Sunnmøre fekk amtmannen og prosten ansvar for å utarbeide ein meir detaljert plan for iverksetting av skulelova. Denne planen var Forslag til skolevæsenets ordning paa søndmør frå 1742. I Norddal prestegjeld hadde soknepresten, Torstein Hoel, alt i 1741 utarbeidd ein plan for gjennomføring av skulelova i Norddal prestegjeld, Om_skolevæsenets_ordning_i_Norddalens_prestegjeld

Etter planen frå 1742 var Stranda kyrkjesokn ein av i alt fem skulekrinsar i Ørskog prestegjeld. Til kvar av dei fem skulekrisane var ein lærar, omgaaende skoldeholder. Den første skulekrinsen var gardane på nordsida Storfjorden frå Viset til Tysse med Langskipsøya. Den andre skulekrinsen var gardane på sørsida av Storfjorden, Ramstaddalen, Søvikdalen og Sykkylven inn til Vik (Vikelva). Den tredje krinsen var frå Vik (Vikelva), begge sider av fjorden, Velledalen og Hundeidvik. Den fjerde krinsen var Stranda sokn og den femte Stordal sokn. Ein særskild personskat skulle finansiere skulen m.a. lærarløn. Kvar bonde, ugifte personar (menn?) av bondestand over 15 år, soldatar og mannlege tenestefolk (fulldrengar) blei skattlagt 6 skilling. Drengar med lågare (ringere) inntekt og tenestejenter skulle betale 4 skilling. Alle andre som ikkje er bønder, næringsdrivande og embetsmenn, skulle skjønsliknast. Plasshusmenn (Husmenn med jord) skulle også gi 6 skilling, medan husmenn utan jord (gade husmenn) skulle yte 4. skilling. Det innebar at alle, med unntak av fattigfolk, blei skattlagde.

Skuleordninga for Norddal 1741-42

Norddal prestegjeld blei delt i fire krinsar og med fire omgåande skulehaldarar. Sidan årsløna var 12 riksdaler gav dette ein total lønsutgift på 48 riksdaler. Den første krinsen var Valldalen med Fjørå (Selborskar-bygden). Den andre var Tafjord, Dalsbygda og Eidsdal (Ytterdal). Den tredje var Sunnylven (Bygda og Langedalen), den fjerde fjordgardane (strændene) og Geiranger. Skatten var standard 6 skilling for alle over 15 år, med unntak av tenestejenter og drengar som skulle betale 4. skilling.

I følgje Torstein Hoels forslag frå 1741 hadde seks krinsar og inndelinga av Sunnylven og Geiranger med fjordane var annleis. Den første krinsen skulle etter Hoels forslag omfatte berre Bygda (Sunnylvsbygda) som er gardane frå Korsbrekke til Vollset. Denne krinsen skulle ha fire samlingsplassar for omgongsskulen. Lærar var Rasmus Jonsson Frøysa. Den andre krinsen var Langedalen saman med gardane langs fjorden (Sunnylvsfjorden) og med fem samlingsplassar for omgongsskulen. Lærar var Øystein Pedersson Tryggestad. Det siste krinsen var Geiranger truleg med inste del av Geirangerfjorden. Krinsen hadde tre samlingsplassar og lærar var Ingebrigt Andersson Grande.

I Hoels forslag er dermed Geiranger og Sunnylven delt i tre krinsar med tre lærarar, i motsetnad til Astrup og Hiorts forslag med to krinsar. Sidan biskopen, Bornemann, alt hadde godkjent forslaget frå Hoel i 1741 før Astrup og Hiort la fram sitt forslag i 1742, må vi tru at det var Hoels plan som blei gjennomførd.

Oversyn over skulekrinsane

Skulekrinsar i 1741: Synnylven: Sunnylvsbygda, Langedalen med strendene og Geiranger.

Skulekrinsar i 1742: Sunnylven: Sunnylvsbygda og Langedalen, Geiranger med strendene. Stranda: Stranda sokn.

Skulekrinsar i Sunnylven og Geiranger i 1861.

1. krins Røyrhus: Skule i eigna lokaler på Røyrhus, Tronstad eller Kjellstad.
2. krins Langeland: Skule i eigna lokaler på Sæter, Tryggestad eller Langeland.
3. krins Hellesylt: Skule i eigna lokaler på Ringdal, Hellesylt og Ljøen.
4. krins Oaldsbygda:
5. krins Stadheim:
6. krins Hauge
7. krins Frøysa
8. krins Bjørdal
9. krins Grande
10. krins Maråk
11. krins Flydal

Denne inndelinga i 11 krinsar møtte mykje motstand og i perioden 1864-1884 blei denne krinsinndelinga omskipla.

Skulekrinsar i Stranda i 1861.

1. krins Ringstad:
2. krins Bygda
3. krins Helstad
4. krins Liabygda

Skulekrinsar i Stranda 1960:

Det var sju skulekrinsar i Stranda før samanslåinga med Sunnylven kommune: Ringstad, Helstad, Fjørstad, Furset, Bygda, Fausa og Liabygda. I skuleåret 1960/61 hadde desse krinsane tilsaman 356 elevar.[1] I tillegg til folkeskulen hadde kommuna både framhaldskule og interkommunal realskule. Framhaldskulen blei sentralisert for heile kommunen i 1952 og frå 1958 ved Ringstad skule. Frå 1960 blei framhaldsskule obligatorisk og med to klassar. Realskulen var frå 1959 interkommunale realskule for Stranda, Sunnylven og Norddal kommunar. Frå hausten 1960 hadde skule tre klassar. Både folkeskulen, framhaldskulen og realskulen var lokalisert til Ringstad.[2]
1. Ringstad krins. Den sentrale skulekrinsen i kommuna og den største skulekrinsen med 72% (258) av elevane i kommuna som i 1960 ikkje inkluderte Sunnylven. I 1957 blei det bygt ny bygning for småskulen (1-3 klasse) og i 1958 var første byggesteget i storskulen (4-7 klasse) ferdig.
2. Helstad krins. Helstad femna om nedre del av Stranda-dalen. I 1960 hadde skulekrinsen 25 elevar eller 7 prosent. Skulebygning frå 1947.
3. Fjørstad krins. Femna om øvre del av Stranda-dalen. I 1960 hadde skulen 11 elevar (3%).
4. Furset krins. Femna om vestre del av dalføret med gardane Furset, Engeset, Berge m.fl. I 1960 hadde skulekrinsen 12 elevar (3%)
5. Bygda krins. Femna om gardane frå Helsem langs den sørlege sida av Storfjorden. Skulekrinsen hadde 24 elevar (7%).
6. Fausa krins. Femna om gardane i Fausadalen i den nordlege delen av kommuna. Skulen hadde fem elevar (1,5%)
7. Liabygda krins. Femna om gardane på nordsida av Storfjorden, frå Grova til Overå. Skulen hadde i 1960 21 elevar (6%)

Skulekrinsar i Sunnylven og Geiranger ved slutten av 1950-åra:

I 1950-åra var skuleordninga i Sunnylven under sterkt press. Lokalt ved fråflytting, minkande elevtal og nedlegging. Nasjonalt gjennom nye krav som følgde med "einskapsskulen". Rett før utbrotet av 2. verdskrig hadde Sunnylven følgjande ti skulekrinsar: Bjørdal, Hellesylt, Tronstad, Frøysa, Langeland, Nebbedal, Hauge, Ljøen, Oaldsbygda og Røyrhus. Mange av skulane var udelte. Barnedalet for 1945-46 viste m.a. at krinsen Nebbedal hadde berre 3 skulepliktige. Og dette førte til samanslåing av krinsane.

Skulekrinsar i Sunnylven etter samanslåing i 1946: Røyrhus, Langeland, Oaldsbygda, Ljøen, Hellesylt, Bjørdal og Hauge.
I 1949 vedtok kommunen at talet på skulekrinsar skulle reduserast til tre med Hellesylt, Langeland og Hauge. Frå 1950 blei borna frå Ljøen krins innlosjerte på Hauge og gjekk på skule der. Oaldsbygda blei fråflytt i 1953. Borna frå Tronstad krins og Røyrhus krins blei flytt til Langeland i 1954 og 1958. Frå 1958 hadde dermed Sunnylven berre tre skulekrinsar. Sjølv om elevtalet minka på grunn av utflytting førte samanslåinga til behov for nye og større skulebygningar i dei attværande skulekrinsane.[3]

Geiranger hadde frå 1902 tre skulekrinsar: Grande, Maråk og Hole.

Lærar i Stranda

Skulebygningane i Stranda

Skulelova i 1860 påbaud faste skulekrinsar og bygging av særskilde skulehus i alle krinsar, så vidt råd var. Særleg foreldra på gardane på "strendene", gardane langs den ras- og værutsette fjordene, føretrekte omgongsskule. Konsekvensen av faste skular var at elevane skulle førast til og frå skulen kvar dag, medan ved omgongskule ville ein transportere elveane til og frå skulen kvar 2. eller 3. veke. Den siste omgongsskule var Nebbedal som fekk fast og eiga skulebygning i 1926.

Gjennomføringa av skulelova 1860 tok tid, både på grunn av dei omfattande organisatoriske og pedagogiske endringane og bygging av eigna skulebygningar. Nedanfor er skulehusa ordna etter byggeår [4] [5]

  • 1866: Hellesylt skule på Brauta. Nytt skulehus i 1898.
  • 1867: Ringstad skule. Nytt skulehus i 1907.
  • 1868: Langeland skule
  • 1869: Maråk skule og Hauge skule. Maråk nytt skulehus i 1907
  • 1871: Grande skule og Bjørdal skule
  • 1872: Frøysa skule
  • 1875: Fjørstad skule. Nytt skulehus i 1938.
  • 1881: Helstad skule. Nytt skulehus i 1947. Lied skule i Liabygda.
  • 1882: Furset skule.
  • 1891: Tronstad skule
  • 1893: Bygda skule i Stranda.
  • 1894: Ljøen skule
  • 1899: Langeland skule
  • 1905: Nytt skulehus for Ringstad skule.
  • 1907: Fausa skule. Nytt skulehus for Maråk Skule
  • 1908: Hole skule i Geiranger. Røyrhus skule.
  • 1925: Oaldsbygda skule
  • 1926: Nebbedal skule.
  • 1938: Fjørstad skule.
  • 1947: Helstad skule
  • 1954: Liabygda skule

Litteratur

Fotnotar

  1. Kjølås, Gerhard. Liv og lagnad. Utg. Kommunen. Stranda. 1961. Digital versjonNettbiblioteket. s. 358
  2. Kjølås, Gerhard. Liv og lagnad. Utg. Kommunen. Stranda. 1961. Digital versjonNettbiblioteket. s. 360
  3. Lillebø, P.A.. Sunnylven og Geiranger. Utg. Stranda sogelag. Stranda. 1999. s. 383-385. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Lillebø, P.A.. Sunnylven og Geiranger. Utg. Stranda sogelag. Stranda. 1999. s. 372, 376.Digital versjonNettbiblioteket.
  5. O. Fjørstad, Stranda-minne. Stranda. 1989. Digital versjonNettbiblioteket.