Slåttsetervegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Slåttsetervegen ved Slåttesetra.
Foto: Roy Olsen (2022).

Slåttsetervegen på Klevarsida i Midt-Telemark kommune er ein om lag 5 kilometer lang skogsbilveg som går vestover frå vegen Klevarsida til Roestulliene.

Vegen har namn etter Slåttesetra som høyrer til garden Haukedalen (gnr. 139/5) og blei namnsett i 2016.

Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel frå grunneigarane. Vegane blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.49162° N 9.29012° Ø