Slipert

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Slipert er lokaluttrykk for jernbanesviller av treverk, brukt i alle fall i Gudbrandsdalen, Romsdalen og i Trøndelag. Ein slipert var 2,5 meter lang. Dimensjonane kunne variere, men den vanlegaste, med nemninga X, var 26 cm brei og 14,5 cm tjukk. Slipert vart skore av tømmerstokkar med passande lengd slik at det ikkje gjekk bort for mykje treverk. Ei furu som var god å handtere på sagbenken var gjerne på 3 lengder, og ein fekk da fem slipertar av ho.

Kjelder / litteratur