Sofie Michelsen
Sofie Michelsen (fødd i Egersund 14. juni 1843, død same stad 21. oktober 1931) var forretningsdrivande, lærar og lokalpolitikar. Ho var den fyrste kvinnelege representanten i bystyret for Egersund, vald inn i 1901. Det var det same året som kvinner fekk avgrensa røysterett ved kommuneval, og Michelsen var ei av 100 kvinner over heile landet som kom med i kommunestyra ved valet det året.
Ho var dotter til skippar Tønnes Olsen og hustru Gurine Carlsdotter. I 1868 gifta Sofie seg med Jens Petter Michelsen, fødd i København i 1837. Han skal ha kome til Egersund som matros. Der tok han styrmannsskule og vart til slutt kaptein. Dei to fekk fire born, før mannen vart borte på havet i 1880.
Som enkje fekk Sofie Michelsen halv post som lærar i folkeskulen. Ho opna også ei systove og dreiv undervisning i saum. Etter 16 år slutta ho i lærarposten og opna manufakturforretning i Elvegata 13. Den dreiv ho til 1908, med systova som integrert del. Systova heldt ho fram med enda i sju år til. Michelsen var dessutan kommisjonær for Jæren Uldvarefabrikk.
Ho hadde også andre næringsinteresser. Mellom anna var ho partseigar i Egersunds fyrste dampskip frå 1881, og ho hadde aksjar i Egersunds telefonselskab.
Sofie Michelsen representerte Venstre i bystyret frå 1901 til 1904. Ho var altså den fyrste kvinnelege representanten i bystyret i Egersund, og berre fire kvinner til vart innvalde før 1940.
Kjelder og litteratur
- Birkeland, Adolf Magnus og Berentsen, Hans; Dalane Folkemuseum Årbok 1982-1983 (side 12).
- Egersund byhistoriske leksikon, oppslag om Sofie Michelsen.
- Sophie Olsen i folketelling 1865 for Eigersund prestegjeld, Eigersund ladested fra Digitalarkivet. Dette er sannsynligvis riktig person.
- Sofie Mikkelsen f Olsen i folketelling 1875 for Eigersund prestegjeld, Eigersund ladested fra Digitalarkivet.
- !! Mikkelsen i folketelling 1885 for Eigersund ladested fra Digitalarkivet.
- Sofie Michels. i folketelling 1900 for Eigersund ladested fra Digitalarkivet.
- Sofie Michelsen i folketelling 1910 for Eigersund ladested fra Digitalarkivet.
- Hamre, Harald: Egersund 1880-1965. Okka By. Eigersund kommune, Egersund 1996 (side 35, 166, 363).
- Sørdal, Abram Kjell; Dalane Folkemuseum. Årbok 1998-1999 (side 25).
Eksterne lenker
Sofie Michelsen er del av prosjektet De 100 første kvinner i kommunestyrene som er kommet i stand i forbindelse med Stemmerettsjubileet 1913-2013. Artiklene i denne serien er tilgjengelig i denne oversikten. |