Sosialistisk kor i Oslo

Sosialistisk kor i Oslo er eit blandakor som har vore aktivt sidan skipinga i 1975. I dag har koret om lag 70 aktive medlemmer, og bidrar aktivt med kulturelle innslag til politiske markeringar i hovudstaden. Koret har i fleire år hatt fast opptreden på Youngstorget under 1. mai-markeringa og for 8. mars-toget.

Sosialistisk kor i Oslo si fane frå 1975.

Verdigrunnlag og organisasjon

Som ein del av Sosialistisk opplysningsforbund var koret skipa som eit ledd i «kulturkampen på den norske venstrefløyen» som hadde som mål å «gjenreise arbeidarklassen sin eigen kultur [...].» Koret er i dag partipolitisk uavhengig, og arbeidar ut frå «sosialistiske, antikapitalistiske, antiimperialistiske, antirasistiske og feministiske prinsipper.»

Historie

Koret vart skipa i 1975 av Sosialistisk opplysningsforbund med John Persen som første dirigent. På dette tidspunktet hadde koret om lag 20 medlemmer og øvde i Pax-husetRodeløkka. Den første opptredenen i koret si historie var under 8. mars-markeringa i Samfunnssalen i 1976.

Dirigentar i Sosialistsik kor i Oslo

  • John Persen
  • Chris Dankel
  • Per Ole Hagen
  • Helge Skansen
  • Per Gomperud
  • Torunn Kvamme
  • Per Arne Olsen (1987-)

Utgjevingar

  • Mot strømmen (1978). Konsertopptak frå solidaritetskonsert i Oslo konserthus saman med gruppa Epos og visegruppa Balder. Produsert av Per Ole Hagen og John Persen og gitt ut av Sosialistisk opplysningsforbund (SO/LSP 1).
  • Glassberget (1985). Opptak av songar frå forestillinga med same namn. Musikk: Tor Halmrast. Tekst etter eit skodespel av Tor Åge Bringsværd. Solist: Lars Klevstrand. Dirigent: Per Gomperud. Spelt inn i Rosenborg studio, Oslo og gitt ut av Hot Club Records (HCR 27-A).

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!