Sperrudvegen
Sperrudvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går nordvestover frå Gvarvvegen ved Sperrudvelta. Vegen går over i gang- og sykkelveg langs Grivireina, går i undergang under Valenvegen og fortsett mot Gamleveg. Sperrudvegen blei kommunal i 1986.

Sperrudvegen sett sørøstover.
Foto: Roy Olsen (2016).
Vegen har namn etter nr. 9, den tidlegare garden Sperrud som ligg attmed vegen.
I dag er det bare tunet att av garden Sperrud, som hadde gnr. 47/12. I 2015 blei stabburet til garden Skogen i Bøgata flytt til Sperrud i samband med at husa der blei rivne.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no