Spjelkavik bedehus
| Spjelkavik bedehus | |
|---|---|
| Bygningsdata | |
| Byggeår: | 1961 |
| Arkitekt: | Knut P. Bugge |
| Materiale: | Betong kledd med eternitt fasadeplater |
| Sted: | Spjelkavik |
Spjelkavik bedehus ligg i Spjelkavika i Ålesund kommune og vart vigsla i 1961. Arkitekten var Knut P. Bugge (1919–2002) frå Molde, bedehuset vart bygd i ein heller utradisjonell og moderne stil i betong, med store vindusflater mot vest. Bugge teikna seinare fleire bygg i Spjelkavika.
Tomta til bedehuset var ein donasjon til minne om soldaten Gunnar Aspehaug i 2. Bergkompani, som fall under kampane i Finnmark i januar 1945.
Bedehuset er eigd av Spjelkavik indremisjon.
Innreiing
Bedehuset er i to etasjer med store møtesalar i begge etasjane. I 1. etasje er det ungdomssal i tillegg til storkjøkken, kontor,lagerrom og garderobar. I andre etasje er det storsal med plass til 300 personar, med sidesal til 80 personar og småsal til 24 personar.
Før Spjelkavika fekk eiga kyrkje i 1987 var det bedehuset som var samlingslokalet ved festlege tilhøve i Spjelkavika. Det vart og dreven barneparkering i bedehuset. Til og med humanetisk konfirmasjonar vart haldne der.
Utvendes
Bedehuset ligg i den sterkt trafikkerte Spjelkavikvegen og har kun ein biloppstillingsplass og ei flaggstong utvendes.
Kjelder
- Sunnmørsk Bedehusland. Utg. SI-Senteret AS - Bokhandelen. 2003. Digital versjon på Nettbiblioteket.