Spjelkavik skofabrikk AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Spjelkavik skofabrikk A/S vart oppretta i 1922 i Spjelkavika. Produksjon var først basert på arbeidsstøvlar seinare vart merkenavnet Fine Line introdusert. Arbeidsstokken vaks fort og i 1935 var det allereie 30 ansatte. Fabrikken låg på austsida av Spjelkavikelva i Spjelkavik sentrum.

Etter ein ny brann i 1943 vart det reist ny fabrikkbygning ved BorgundvegenMoa i 1947. I 1982 innstilte fabrikken som då hadde 90 ansatte. Den store bygninga vart etter det starten på Moa kjøpesenter.