Stasjonsvegen (Akkerhaugen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tidligere Stasjonsvegen på Akkerhaugen.
Foto: Roy Olsen (2021).

StasjonsvegenAkkerhaugen i Sauherad kommune gjekk sørvestover frå Veltavegen til tidlegare Akkerhaugen stasjon.

Vegen fekk namn etter stasjonen i 1999. På grunn av at det også var ein StasjonsvegenHjuksebø, og ein ikkje ville ha to like vegnamn i same kommune, vedtok kommunestyret i 2009 å gjere stasjonsvegen på Akkerhaugen til ein stikkveg frå Veltavegen og innlemme dei to adressene i denne.

Denne vurderinga blei lagt til grunn:

Stasjonsvegen på Hjuksebø har i dag syv adresser, Stasjonsvegen på Akkerhaugen har to. Stasjonsvegen på Hjuksebø har en sideveg med navn Stasjonsvegsvingen. Endres navnet på Stasjonsvegen, burde også denne endres. Dette medfører langt flere berørte av navnendring enn på Akkerhaugen. Stasjonsvegen på Akkerhaugen kan få tilknytting som stikkveg til Veltavegen uten at det blir endringer i nummereringen i Veltavegen. Det er tydelig stort ønske om å beholde Stasjonsvegen på Hjuksebø, dette er et etablert navn som er brukt på strekningen fra gammelt av. Det bør være en løsning å adressere de to aktuelle eiendommene på Akkerhaugen til Veltavegen og opprette Akkerhaugen Stasjon som stedsnavn for adressering av akkurat Akkerhaugen stasjon.

Akkerhaugen stasjon på Sørlandsbanen blei opna 18. desember 1922 og nedlagt 1. januar 2005. Kryssningssporet blei fjerna i 1968. Stasjonsbygningen blei teikna av Gudmund Hoel og Jens Flor ved NSB Arkitektkontor og sett opp i 1920. Bygningen er eigd og vert driven av Akkerhaugen Rocksamfunn (ARS) som har halde til her sidan 1999.

Kjelder


Koordinater: 59.39396° N 9.25191° Ø