Stina Andersen (1918–1944)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stina Andersen, fra Våre falne.
Foto: Ukjent

Stina Andersen (fødd 29. januar 1918 i Bergen, død 20. april 1944 same stad) var hushjelp i Bergen. Ho vart eit av ofra for eksplosjonen på Vågen i april 1944, då eit skip lasta med eksplosiver gjekk i lufta ved kaia.

Ho var dotter av sjømann Ole Johan Anderssøn Tysnes og husmor Andrea Eliasdotter Tysnes. Ho vart fødd i Bergen, men som toåring finn vi ho i folketeljinga 1920 på bruket Furunes i Tysnes kommune. Ho vart konfirmert i Tysnes i 1932.

I 1943 flytta ho til Bergen for å stelle for to eldre personar. Etter eksplosjonen vart ho funnen omkomen i eller ved Dreggsallmenningen 10, der ho budde midlertidig. I dødsannonsen står det at ho «gikk plutselig heim til Jesus».[1]

Ho vart gravlagt frå Tysnes kyrkje den 29. april 1944. Saman med tre sambygdingar er ho minna på ei plate i våpenhuset i Tysnes kyrkje.

Referanser

  1. Bergens tidende 1944.04.24. 19440424. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur