Stol- og Møbelfabrikken Stilig AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stol- og Møbelfabrikken Stilig AS var ein møbelfabrikk i Sykkylven etablert av mellom andre Alfred Kjemphol i 1934. Kjemphol hadde ein allsidig bakgrunn då han var med og skipa denne møbelbedrifta. Han hadde vore i elektrikarlære og drive isforretning. Elles var han dampskipsekspeditør i Tusvika, postopnar og rikstelefonstyrar. I møbelfabrikken fekk han med seg broren Leiv Kjemphol og dessutan Noris Bjørdal som kompanjongar. Aksjekapitalen var på 6000 kroner. Noris Bjørdal, som kom frå Hessa i Ålesund, fekk stillinga som arbeidsformann. Han hadde arbeidd på møbelfabrikk tidlegare. Leiv Kjemphol var forretningsførar for Stilig. Stilig var ein stoppmøbelfabrikk utan eiga maskinavdeling. Stolgrindane kjøpte bedrifta frå snikkarverkstader i området.

I produksjonen var det frå først av fem tilsette ved sida av eigarane. I 1943 kunne verksemda flytte inn i eige fabrikkbygg. I mars 1946 kjøpte Birger Aure ein part i aksjelaget, og tok over som disponent. Han hadde tidlegare arbeidd som kontorist ved Ørsta Bruk A/S og kontorsjef ved Klocks Lenestolfabrikk A/S. Noris Bjørdal slutta som formann og starta verkstad på Hessa. Leiv Kjemphol, som var utdanna som mellomteknikar, byrja ved Holms Fryseri i Ålesund. Bedrifta gjekk i etterkrigstida gjennom ein ekspansjonsperiode, og i 1949 hadde ho 32 tilsette, av dei to kvinner.

Modellane til Stilig vart utarbeidde på grunnlag av teikningar som dei kjøpte frå interiørarkitektar. Det hende og at innehavarane utvikla produktidear som dei fekk etter å ha studert katalogar frå utanlandske møbelhus.

Møblane vart selde til møbelhandlarar over heile Noreg, men hovuddelen gjekk til Oslo-området. Kundekontaktane vart knytte gjennom agentar som var engasjerte på provisjonsbasis. Det vanlege var at agentane fekk fem prosent av salsprisen.

I 1954 vart drifta ved Stol- og Møbelfabrikken Stilig avvikla, og verdiane vart delte mellom eigarane. Alfred Kjemphol tok over fabrikkbygningen som sin part, og Birger Aure tok over varelager, fordringar og gjeld. Råvarer og utstyr vart overførte til Rokset Lenestolfabrikk A/S på Averøya. Denne verksemda hadde Birger Aure kjøpt. Alfred Kjemphol heldt fram med produksjonen i Tusvika i bedrifta Ako Møbler A/S.

Kjelde