Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1876

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ved stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1876 kom Jakob Liv Rosted Sverdrup inn på Stortinget på plassen som far hans Harald Ulrik Sverdrup hadde hatt. Bonderepresentantane var stort sett dei same som før, framleis med ordførar Arne Tonning i Stryn som den fremste.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Merknad
1. representant Gaardbr. Arne Tonning 1. repr. førre periode
2. representant Folkehøiskolebest. Jakob Sverdrup
3. representant Lensmand L. Ellingsen 3. repr. førre periode
4. representant Gaardbr. K. Vefring 3. suppl. førre periode
5. representant Gaardbr. S. M. Bugge 4. repr. førre periode
1. suppleant Kirkesanger K. R. Kirkhorn 2. suppl. førre periode
2. suppleant Gaardbr. O. M. Bakke 5. suppl. førre periode
3. suppleant Overrettssakfører Livius Smitt
4. suppleant Lensmand A. M. Andresen 1. suppl. førre periode
5. suppleant Folkehøisk.best. J. J. Hjelmesæt

Valet

Valtinget vart halde i Førde tingstove 25. august 1876 med 68 valmenn tilstades. Mangeårig tingmann Harald Ulrik Sverdrup sa frå seg attval. Mot 25 røyster vedtok møtelyden at det ikkje skulle haldast særskilt val på 1. suppleant slik det hadde vore vanleg tidlegare.

Ved representantvalet fekk desse 14 personane røyster:

Nr Namn Røyster Merknad
1. Arne Tonning 59
2. Jakob Sverdrup 51
3. L. Ellingsen 51
4. K. Vefring 36
5. S. M. H. Bugge 32
6. K. R. Kirkhorn 26
7. A. M. Andresen 24
8. Livius Smitt 20
9. J. J. Hjelmesæt 17
10. O. M. Bakke 9
11. Udskiftningsformand Kvale 6
12. Amtmand Oppen 5
13. Fanejunker Ous 2
14. Kirkesanger Høvig 2

Til suppleantvalet fekk 21 personar røyster, og flest fekk:

Nr Namn Røyster Merknad
1. K. R. Kirkhorn 57
2. O. M. Bakke 41
3. Livius Smitt 35
4. A. M. Andresen 30
5. J. J. Hjelmesæt 28
6. Ous 26
7. E. I. Offerdahl 22
8. Edvard Liljedahl 22
9. Høvig 17
10. Kvale 15
11. Oppen 12

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1877, 1878 og 1879. Sverdrup var sjuk i 1877, så Kirkhorn møtte på denne sesjonen.

Kjelder