Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1903

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1903 gjekk til dei samarbeidande partia Høgre og Moderate Venstre etter at Venstre hadde vunne valet i 1900. Dermed vart det i 1903 som i 1900 full utskifting av stortingsbenken til amtet.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Kommune Parti
1. representant Gaardbr. Knut A. Taraldset Innvik Høgre
2. representant Gaardbr. Gjert Holsen Førde Høgre
3. representant Lensmand Ivar Lykke Falch Lind Florø Høgre
4. representant Landhandler Otto Kristian Schreuder Gulen Høgre
5. representant Gaardbr. Frederik Balthazar Fraas Hafslo Høgre
1. suppleant Kirkesanger A. L. Refsdal Vik Moderate Venstre
2. suppleant Gaardbr. Rasmus P. Hjertenæs Selje Høgre
3. suppleant Gaardbr. Ola O. Døskeland Gaular Moderate Venstre
4. suppleant Gaardbr. Skak Lystrup Ormelseng Sogndal Høgre
5. suppleant Gaardbr. Knut Wolff Hyllestad Høgre

Taraldset, Holsen, Fraas og Refsdal hadde site på Stortinget 1897-1900.

Valet

Valet vart halde i Førde 9. september 1903 med 204 valmenn tilstades. 126 tilhøyrde Høgre og Moderate Venstre medan 78 tilhøyrde Venstre (ein av Venstres valmenn møtte ikkje).

Fyrste representant vart vald med 126 røyster, dei andre fire og dei tre fyrste suppleantane med 125 røyster. Dei fem kandidatane til Venstre var identiske med stortingsbenken i førre periode: D. O. Bakke (77 røyster), S. K. Aarnes (76), Sjur Næss (76), R. Sindre (71) og Lasse Trædal (70).

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1903-04, 1904-05 og 1905-06. Dette var såleis Stortinget som vedtok unionsoppløysinga.

Holsen var permittert på grunn av sjukdom 12.5.-14.7.1905 og Taraldset frå 21.8.1905 og ut stortingsperioden. Difor møtte Refsdal frå 15.5.1905 og ut perioden.

Kjelder

  • Stortingsval i Sogn og Fjordane (liste)
  • Lindstøl, Tallak. (1915). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 2, del 2. De enkelte storting og statsraader. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 585. (Digital utgåve, NBdigital).
  • Øvre-Eide, Rasmus. (1973). Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Sandane: Nordfjord sogelag, s. 80-83.