Stortingsvalet 1936

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Stortingsvalget 1936»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Søyler som viser valresultatet på Folketeaterbygninga i Oslo, Arbeidarpartiet sitt hovudkvarter.
Foto: Ukjend / ArbArk

Stortingsvalet 1936 vart gjennomført den 19. oktober 1936. Johan Nygaardsvold si regjering hadde teke over den 20. mars 1935, og vart sittande etter dette valet. Dette vart siste gongen ein hadde stortingsval kvart tredje år; i 1938 vart det vedteke at periodane skulle vere på fire år. Dermed vart dette òg det siste valet før andre verdskrigen, og neste gong vart ikkje før ved stortingsvalet 1945.

Høgre hadde størst framgang ved dette valet, og fekk seks nye mandat. Men Arbeiderpartiet hadde òg framgang, og sjølv om dei ikkje fekk reint fleirtal var regjeringsmakta sikra. Ein av dei store taparane var Bondepartiet, som mista fem mandat.

Det var seksten lister i valet. Av småpartia var det berre Nasjonal Samling som stilte over heile landet. Heile fire av småpartia var fiskarparti som stilte i kvar sin eine krins.

Norges kommunistiske parti trakk alle sine lister med unntak av Bergen. Dette forklarar kvifor partiet gjekk frå 1,8 % i 1933 til berre 0,3 % i dette valet.

Gjennomføring

Røysterett hadde kvinner og menn som fylte 23 år i 1936 eller tidlegare, altså personar fødd i 1913 eller før.

Det var 1 741 905 røysteføre. Av desse var 832 828 menn og 909 077 kvinner. Dette tilsvarar 600 røysteføre per 1000 innbyggjarar. Personar som var umyndiggjort fekk røysteretten suspendert, og dette råka i 1936 2335 personar, mot 2210 i det førre valet. Ein kunne òg få røysteretten suspendert ved tiltale for nokre alvorlege brotsverk, men truleg råka dette ikkje så mange i 1936; ved valet i 1945 fekk det større verknad på grunn av dei mange landssvikssakane.

Valkrinsane var fylka og byane. Sidan stortingsvalet 1933 hadde nokre få kommunenamn blitt endra, men det var ingen endringar i grensene.

Valdeltakinga var på 84,02 %, den fjerde høgste gjennom tida og nest høgst etter at vi fekk allmenn røysterett. Av 1 468 468 røyster vart 1 1455 238 godkjende og 8230 forkasta.

Valresultat

Det vart vald 150 representantar, eit antal som hadde vore fast sidan stortingsvalet 1921, og som vart ståande til stortingsvalet 1973.

Parti Andel røyster(%) Endring
fra 1933
Mandat Endring
fra 1933
Arbeidarpartiet 42,5 +2,4 70 + 1
Høgre 21,3 +5,9 36 +6
Venstre 16,0 -1,1 23 - 1
Bondepartiet 11,5 - 2,4 18 - 5
Samfundspartiet 3,1 + 1,6 1 0
Nasjonal Samling 1,8 - 0,4 0 0
Kristelig Folkeparti 1,3 + 0,5 2 + 1
Frisindede Folkeparti og Fedrelandslaget 1,3 - 0,3 0 - 1
Det radikale Folkeparti 0,4 - 0,1 0 - 1
Norges Kommunistiske Parti 0,3 - 1,5 0 0
Møre Fisker- og Småbrukerparti 0,1 - 0,1 0 0
Det Norske Fiskerparti 0,1 + 0,1 0 0
Aktive Fiskarar 0,1 + 0,1 0 0
Norges Kristelige Sociale Folkelag 0,1 + 0,1 0 0
Fiskernes Venstre 0,02 + 0,02 0 0
Fredspartiet 0,01 + 0,01 0 0

Litteratur og kjelder


Forgjenger:
 Stortingsvalget 1933 
Stortingsvalg
(1936–)
Etterfølger:
 Stortingsvalget 1945