Straand hotell
Hopp til navigering
Hopp til søk
Straand hotell ligg i Vrådal i Kviteseid kommune. Det blei starta som skysstasjon av Olav og Kari Straand allereie i 1864. Sonen deira, Johan Straand, overtok verksemda saman med kona Sigrid i 1902. Attmed overnattingsverksemda var Johan med på å starte Straand Billag i 1930.
Etter Johan og Sigrid overtok Sigmund Straand drifta, og heldt fram til han døydde i 1960. Sonen, Johan Straand tok då over, og dreiv hotellet fram til 2008. I dag (2019) driv sonen, Sigmund Straand hotellet.
Kjelder
- Heimesida til Straand hotell.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. (s. 819). Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.