Sulukollvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sulukollvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går vestover frå Strannavegen ved Årnes og deler seg i fleire greiner som går til gardsbruk og einebustader. Han går i jordbrukslandskap med innslag av skog.
Vegen blei namnsett i 2009 og har namn etter dei to kollane Store og Vesle Sulukollen som ligg noko i nordvest.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no