Sund og Austevoll Sparebank

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sund og Austevoll Sparebank vart oppretta i 1896. Sjølv om Sund og Austevoll blei eigne kommunar i 1886, hadde dei likevel felles prestegjeld til 1918, felles kommunelege til 1950-åra, dei utgjorde eitt lensmannsdistrikt til 1964 og hadde sparebanken saman til dei to avdelingane gjekk inn i Sparebanken Vest i 1995.

Banken sitt hovudkontor låg på Klokkarvik i dåverande Sund kommune (frå 2020 Øygarden kommune). I Austevoll kommune hadde banken hovudkontoret sitt på Huftarøy og avdelingskontor på øyane Selbjørn og Hundvåkøy. Dei ytste øyane og grender med lang veg til banklokala i kommunen hadde bankbussrute.  Etter kvart som brusambandet vart bygd ut i kommunen, blei banktenestene utanom hovudkontoret på Huftarøy nedlagde.

Kjelder og litteratur

  • Sund og Austevoll Sparebank. Årsmelding og rekneskap 1978. Klokkarvik 1979.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!