Sykkylven Drogeri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven Drogeri var ei kosmetikkforretning i Sykkylven som lenge også hadde utsal av apotekvarer.

I 1933 bygde Anna W. og Peter S. Grebstad hus på Auresanden og flytte postopneriet dit frå Kapralgarden på Aure. Samstundes skipa dei firmaet Sykkylven Drogeri, utan at det vart noko særleg forretningsdrift dei første åra. Men fram gjennom åra var firmaet innom mange bransjar. Den drivande krafta i mange år var Anna W. Grebstad, og heile tida var det eit godt samarbeid med resten av huslyden om å tene kundane på beste måte. Første åra brukte ho Jens Bonesmo sitt handelsbrev. Seinare gjekk sonen, Kjell W. Grebstad, handelsskulen, og då han hadde løyst handelsbrev, gjekk forretninga i hans namn nokre år.

Apotekvarer

Noko som mangla i bygda i 30-åra, var eit medisinutsal. Alle apotekvarer måtte kjøpast i Ålesund, og dette var sjølvsagt ei dyr og tungvint ordning for bygdefolket. Då Anna W. Grebstad søkte heradsstyret om løyve til å drive eit slikt utsal, vart det mykje prat på bygda. Somme var redde for at det no kunne bli omsetning av drikkevarer. Dei som hadde med det å gjere, forstod likevel at det var ingen grunn til uro, løyvet kom, og Anna W. Grebstad fekk i stand samarbeid med apoteket Bien, som frå då av leverte medisinar til Sykkylven Drogeri. Seinare gjekk dette samarbeidet over til Storfjord Apotek på Stranda.

Sport- og glasvarer

Fleire i familien var interesserte i sport. Det var difor naturleg at firmaet byrja å føre sportsartiklar: ski, stavar, skeiser m.m., dessutan pokalar og sølvty som var brukte som premiar ved alle slag idrettskonkurransar. Som ein kuriositet kan nemnast at Johan P. Aure i 1937 kjøpte dei første hoppskiene sine gjennom firmaet, og betalte 18 kroner for dei. Det var breie, tunge hickory-ski. Ein annan bransje firmaet var innom, var glas og steinty. Anna W. Grebstad, som var frå Ålesund, hadde nemleg god røynsle frå glasmagasin i byen. Ho tok inn både glasvarer og ein del keramikk, men ho var for tidleg ute. Folket i bygda hadde ikkje så mykje sans for slike varer enno.

Parfymeartiklar

Huset var greitt på alle måtar og gav god plass til forretninga. Dessutan hadde dyrlege Røyr og tannlege Fredrik Drabløs kontor der ei tid i 1930-åra. Diverre strauk huset med ved storbrannen på Aure i august 1939.

Frå 1970-åra var vareutvalet medisinar (med og utan resept), parfymeartiklar og pyntesaker, dessutan litt blad og aviser. Sykkylven Drogeri hadde halde til i eigne lokale på Aure i mange år, men flytte i 1982 over i Vad-huset. Firmaet førte etter ei tid opp eit nytt forretningsbygg på tomta til gamlehuset.

Bodil W. Aure og dottera Merete var i ei årrekke daglege leiarar for firmaet. I 2014 trekte familien seg mellombels ut og overlet drifta til andre. Etter kvart kom sonen til Merete Aure, Syver Aure Torvik, inn som ny drivar av butikken som fekk namnet Skin Tonic Sykkylven.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.