Synnøve Hjorthol

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Synnøve Hjorthol Gandara liker å konkurrere. Dei siste par åra har ho delteke i ein del fitnesskonkurransar. Her er ho i sin første konkurranse, på Long Island, N.Y. i september 2010.
Foto: Mark Gandara)

Synnøve Hjorthol er fødd i Sykkylven i 1972, men har dei siste åra vore busett i New York, USA. Ho har mellom anna arbeidd i plateselskap der ho hadde marknadsansvar for kjende artistar. I dag driv ho eit cateringsselskap saman med mannen Mark Gandara. I USA er ho kjend under namnet Sunny Gandara.

Synnøve Hjorthol er dotter av tannlege Petter Hjorthol og Ingeborg Hjorthol, f. Liavåg. I barneåra i Sykkylven var Synnøve aktiv innanfor musikklivet. Ho fekk pianoundervising hos Jenny Tynes, seinare hos Åge Lade. Saman med venninna Renate Lade underheldt ho ved mange høve gjennom konsertar på gamleheimen, bedehuset og samfunnshuset.

I tillegg til at ho brukte mykje tid på musikken dreiv ho med rytmisk sportsgymnastikk frå ho var sju til ho var 15 år. Då tok volleyballen over. Ei tid spelte ho på Stordal sitt lag i andre divisjon. Ho var også med på Blindheim sitt tredjedivisjons lag.

Synnøve var tidleg nysgjerrig på korleis menneske hadde det i andre land og kulturar. Ei tid hadde ho 200 brevvenner frå heile verda. Foreldra tok henne og dei to søskena, Agnes og Jens-Petter, med på turar utanlands kvar sommar. Kanskje vart utferdstrongen vekt på desse reisene?

Studiar og utflytting

Etter at ho var ferdig med dei tre åra ved Sykkylven vidaregåande skule i 1991, reiste ho til Roma der ho arbeidde i eitt år som au pair, samtidig som ho studerte italiensk. Etter dette året byrja ho å studere forretningsadministrasjon ved universitetet i San Fransisco. Her var ho ferdig utdanna i 1995. Då heldt ho fram med studia ved det amerikanske universitetet i Paris, der faget var økonomi. I tillegg lærte ho seg fransk.

Etter at ho var ferdig utdanna økonom, flytte ho i 1995 til New York. Her kom ho snart inn i den hektiske og krevjande underhaldningsbransjen. Ho fekk sin første jobb ved Atlantic Records der ho vart assistenten til direktøren for internasjonal marknadsføring. Då sjefen hennar flytte over til selskapet Interscope Records, vart Synnøve med og her fekk ho ei leiarstilling. Ei viktig oppgåve for henne i åra 1996 til 1999 var å organisere internasjonale marknadskampanjar for kjende artistar som No Doubt, Marilyn Manson, Snoop Dogg, 2Pac med fleire. I 1999 tok ho eit vidare steg i karrierestigen då ho vart internasjonal direktør i plateselskapet Jive Records. Her arbeidde ho mellom anna for artistar som NSYNC, Justin Timberlake, Britney Spears og Backstreet Boys. I 2001 vart det skifte til plateselskapet J Records. Her også hadde ho ansvar for det internasjonale arbeidet, og i ”stallen” hadde ho kjende verdsnamn som Clive Davis, Alicia Keys, Rod Stewart og Annie Lennox. Dette selskapet vart etter nokre år ein del av RCA Records som i 2004 slo seg saman med Sony/BMG. Då fekk Synnøve tilbod om ein sluttpakke og ho enda sin karriere i underhaldningsbransjen etter nærare ti års ”non stop” innsats.

Kokk

I 2005 skifta ho retning på livet sitt og byrja å omskulere seg til kokk. Same året møtte ho Mark Anthony Gandara på ein skandinavisk restaurant på Manhattan der han arbeidde som kokk, medan ho hadde ein deltidsjobb i baren medan ho studerte. I åra fram til 2009 tok ho utdanning innan mat- og vinfaget. I tillegg var ho salsansvarleg i USA for det norske vodkamerket Heavy Water. Ho hadde dermed ein allsidig bakgrunn då ho saman med mannen etablerte cateringfirmaet Fork and Glass i New York i 2008. Dette er eit selskapsmat-firma. Dei nyttar berre lokale mat- og vinprodukt. Dei sel også maten dei lagar på diverse ”Farmers Markets” i området kring New York. I tillegg til catering- og serveringsoppdraga tek Synnøve Hjorthol/Sunny Gandara på seg undervisning i vinfaget, ho har kokkeklasser og tek på seg konsulentoppdrag for restaurantar og barar når det gjeld vinkolleksjonar. Ekteparet er elles involvert i programmet ”Chefs move to School” som vart lansert av presidentfrua Michelle Obama. Her er utfordringa å introdusere sunne matvaner til elevar på skular rundt om i landet.

I 2007 flytta Synnøve og Mark frå byen opp til ein tettstad med 2500 innbyggjarar, Cold Spring i Hudson Valley. Det er ca ein times køyretur til Manhattan. Der bur dei i 2011 saman med sine to firbeinte vener, boxerhundane Thor og Dallas.