Tjønnås Landhandel
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tjønnås Landhandel blei starta i 1926. Knut H. Firingen tok over forretninga 14. mai 1934.[1] Forretninga låg like på Tjønnåsvegen 34 like ved Tjønnås stasjon i Bø i Telemark.
Forretninga solgte alle typar kolonial- og feitevarer, landmannsvarer, manufaktur, jernvarer, glas- og steintøy m.m. Omsetninga var på 85.000 kr i 1937-38. Forretninga sysselsette to funksjonærar.
I 1964 flytta Firingen frå Tjønnås. Ny eigar vart Østlandets En Gros på Notodden. Firmaet solgte forretninga i 1970, og bygningen har seinare blitt nytta som bustadhus.[2]
Kjelder
- Henneseid, Stian, Bø-soga, Gards- og ættesoga, band I, Bø, 1982.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.