Tjønnåsvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tjønnåsvegen med tidlegare Tjønnås stasjon til høgre.
Foto: Roy Olsen (2017).

Tjønnåsvegen i i Midt-Telemark kommune går søraustover frå Lundevegen i krysset med Uvdalvegen til kommunegrensa mot Nome ved tidlegare Tjønnås torvstrøfabrikk, der han møter Norheimvegen. Han er omlag 1,3 kilometer lang. Fyrste del av vegen går i eit område med bustadhus, vidare gjennom skog. Dette var tidlegare ein del av hovudvegen mellom Bø og Lunde og er ein del av fylkesveg 3318 (tidlegare fv. 104).

Vegen har namn etter garden Tjønnås (gnr. 62/17) og blei namnsett i 1991.

  • Nr. 34: Her dreiv Knut H. Firingen Tjønnås landhandel frå 1937 til 1964. Ny eigar var «Østlandets en gros» som heldt på til 1970.
  • Nr. 55: Tidlegare Tjønnås stasjon som blei opna i 1925, gjort ubetjent i 1967 og nedlagd i 2005. NSB selde stasjonsbygningen i 1987.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no.
  • Bøsoga, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid. Bø kommune 1982.
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.


Koordinater: 59.38266° N 9.04129° Ø