Torbjørg Horrigmo (1922–1995)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Passfotografering hausten 1940 eller våren 1941. Frå venstre Åshild H. Glidbjørg, Margit O. Lien og Torbjørg O. Glidbjørg.
Foto: Jon O. Løyland

Torbjørg Horrigmo f. Olavsdotter Glidbjørg (fødd 3. mars 1922 i Bykle, død 29. september 1995 i Kristiansand) var bondedotter frå Bykle, og var under andre verdskrigen aktiv i heimefronten som kurér. Både ho og ektemannen sat på Grini, tiltala for spionasje.

Slekt og familie

Ho var dotter av Olav Sigbjørnsson Glidbjørg (1890–1978) og Signe Sjursdotter Vatnedalen (1892–1985). Foreldra fekk fem døtre, og Torbjørg var den tredje. Ho vart i 1946 gift med Gunnar Horrigmo (1918–1955)[1], og dei fekk sonen Ove same året.

Liv og verke

Ho vaks opp på bruket Systog Glidbjørg i Bykle, eit bureisningsbruk som faren hadde rydda.

Under okkupasjonen vart ho involvert i motstandsarbeid i Oslo og i Kristiansand. Det var i denne tida ho møtte Gunnar Horrigmo, som var motstandsmann. Ho var kurer, og smugla mat til fangar. Den 20. juni 2944 vart ho arrestert på Grovane stasjon. Etter eit par veker i Kristiansand vart ho sendt til Møllergata 19, der ho den 5. juli 1944 fekk fangenummer 6373. Den 2. august 1944 vart ho overført til Grini, med fangenummer 11988. Der vart ho sittande til freden kom.

Etter å ha gifta seg med Gunnar Horrigmo busette deg seg i Vågsbygd nær Kristiansand. Dei skulle ikkje få så mange år saman, for berre 37 år gamal døydde han brått i 1955.[2] Då han døydde hadde dei byrja engasjere seg i Redd Barna sitt arbeid i Kristiansand-området, og ho fortsette med dette. I 1974 takka ho av etter heile 18 år som leiar i lokalkomiteen i Redd Barna.[3]

Referansar

  1. Fædrelandsvennen 1946.03.14. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Sørlandet 1955.01.31. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Fædrelandsvennen 1974.02.19. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kjelder