Torleiv Gunnarson Midtgarden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Torleiv Gunnarson Midtgarden vart fødd i 1914 på Øvre Midtgarden (Fyresdal gnr. 92/5) i Fyresdal kommune med fullt namn Torleiv Hagbart og døydde i 1997. Foreldra var Gunnar Talleivson Ø. Midtgarden (1876-1948) og Gro Sigurdsdatter N. Vik (1881-1944). Dei vart gifte i 1909. Torleiv var den tredje av åtte sysken, seks av dei levde opp.

Lærar

I folkeskuletida gjekk Torleiv på grendeskulen Ystehaug som låg like ved garden. Han gjekk befalskulen i Kristiansand S. tidleg på 1930-talet og fullførde gymnaset i Volda i 1939. Han vart så lærar i Kabelvåg i Lofoten 1939-1940, men dette vart brått avbrote av mobiliseringa og deltaking i krigen ved Narvik frå april til juni 1940. I 1943 fullførde han 2 års lærarskule i Kristiansand S. Etter krigen tok han opp at lærargjerninga, han var lærar i Seljord 1946-1947 og vart så framhaldskulelærar ved Gimle skule i Fyresdal, noko som han samvettsfull og dyktig heldt fram med til han vart pensjonert i 1981. Med sine allsidige interesser var han sterkt engasjert i historie, særleg kom dette soga om garden og grenda Hauggrend til gode.

Hagebrukar

Torleiv tok over garden etter faren; han var særs interessert i hagebruk av all slag. På Midtgarden vart det planta ei mengde med frukttre av ulik slag, det same med bærbuskar, og han hadde mange kvadratmeter med drivbenkar, kaldbenkar, der han mellom anna dyrka meloner. Dette sette store krav til pass om sumaren med tanke på lufting i rett grad. Hans engasjement på dette området kom nabokona og gutungen der til gode, denne siste vart oppmuntra til å ha sin eigen drivbenk. Under krigen var han engasjert i hagebruket på nabogarden Foldsæ landbruksskule. I skogkantane planta han ei rekke ulike slag tre, noko som ein enno i 2019 finn rikeleg spor av.

Epilog

Torleiv er gravlagd på Veum kyrkjegard saman med kona Signe som var frå Svalestog i Fyresdal.

Kjelder og utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.