Tustna gamle kommunehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tustna gamle kommunehus.
Foto: Olve Utne (2008).

Tustna gamle kommunehus var kommunehuset i gamle Tustna kommune. Bygget har også husa liknings- og trygdekontor, samt Tustna folkebibliotek og filial av Nordmøre sparebank.

Historikk

Huset var ferdigbygd i 1954, og 8. oktober året etter vart huset vigsla av fylkesmann Oksvik.

Frå 1. januar 2006 fungerte huset som eitt av to servicekontor i Aure kommune, etter at Tustna og Aure kommunar vart slått saman til ein kommune. Hausten 2008 vart dette kontoret nedlagt og servicekontorfunksjonen flytta til Tustna folkebibliotek.

I 2013 vart det tidlegare kommunehuset base for arbeidet med digitalisering av tekniske dokumentarkiv frå i alt 12 kommunar i Nordmøre og Romsdal.

Kjelder