Tveitenvegen (Sauherad)
Tveitenvegen på Tveiten mellom Nordagutu og Hjuksebø i Sauherad kommune går sørover frå Nordagutuvegen og endar i ein namnlaus sideveg ved jernbanen like aust for åsen Kyrkjehaug. Han er snaut 2,2 kilometer lang og går i jordbrukslandskap og skog.
Vegen har namn etter Tveiten-gardane og blei namnsett i 2009.
Gardar
- Nr. 5, 7: Søndre Tveiten, (Opp-Tveiten) (gnr. 123/2)
- Nr. 9, 11: Tveiten (gnr. 123/1)
- Nr. 13: Sundshvaala (gnr. 121/2)
- Nr. 18: Lilletveiten (gnr. 122/2)
- Nr. 24: Sundsvalen (gnr. 121/1)
Sjå også
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.
- Info fra Sauherad kommune: nyeadresser-0822-sauherad.pdf