Tynnemakeri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tynnemakeri eller bøkkeri er det same som produksjon av tynner og blir òg bruka om verksamheiter der ein driv med tynneproduksjon. Den som utfører dette arbeidet blir kalla ein bøkkar eller tynnemakar. Det var særlig stor etterspørsel etter tynner under gode sildeår, og det vart sett opp mange bøkkeri langs kysten utover andre halvdelen av 1800-talet og inn på 1900-talet.

Viktige arbeidsprosessar i tynnemakeriet inkluderer å skaffe materialar — det vil seie rogn, eik eller anna eigna tre til tynnestavane og jarn (tidligare òg vidje) til banda. Stavane lyt grovkappast, kuvast og kantast. Tynnebotnane lyt slåast ihop med dymlingar (blindpluggar/blindspikar) og skjerast til. Tynnestavane lyt så settast ihop — i første omgang med provisoriske tynneband. Tynna blir varma for å få bøygd til stavendane. Dei permanente tynnebanda blir tilpassa og påsett med hjelp av drivar og setthammar. Tynna blir etterhøvla undervegs. Botnane blir forsiktig slegne på plass føre tynnebanda blir drivne heilt ned. Da er tynna klar for sal/transport. Ved bruk løysnar ein bandet nærmast enden ein vil opne og tek utor botnen. Når tynna er fylt, slær ein i botnen og driv på plass bandet att.

Lenkjer