Svarthuve

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Tysnes-huve»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvinner frå Tysnes i Sunnhordland med svarthuve. Biletet er teke ca. 1920- eller 1930-åra. Gyri Vevatne (1856-1936) og søstera Anna (1860-1937).

Svarthuve, også kalla Tysnes-huve, var eit hovudplagg for kvinner som var mykje nytta på Tysnes i Sunnhordland på 1800-talet og fram til ca. 1930-åra. Huva vart brukt til kvardags og helg. Huvene var laga av ulltøy, klede eller vadmål, og fôra med lerret, ullflanell eller anna stoff. Til stor stas kunne det vera fløyelshuver.

Huva er sett saman av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Breidde bak kunne vera frå omlag 26 til 36 cm. Fram- og bakstykket er sydd saman med maskin, eller med atterstyng for hand på dei eldste huvene. Sårkanten er synleg inni huva. Huva er kanta nede med eit smalt band, som også er løpegang for snor til å regulera vidda på huva.

Koner hadde svarte huver, jentehuva kunne vera mørkeblå. Konehuva hadde svart, jentehuva blå-lilla kvarding (kant) av silke framme. På baksida er det eit 4-5 cm skråklypt, kraftig ullstoff.

Det var også påsett ei kvit, skråklypt list eller kanting av bomull under framkanten av huva, dette kan tyda på at det tidlegare har vore brukt eit kvitt skaut under huva. Eit svart silkeband på omlag 130 cm vart til slutt lagt over framkanten og knytt i nakken. Håret måtte ikkje visa framfor huvekanten!

Frå gammalt har det truleg vore brukt valk under huva, fordi denne huva tidlegare vart kalla valkahuve. I sein tid har det ikkje vore brukt valk under huva, det gjer at ho heng meir, og får eit søkk på toppen.

Tysnes-huva er vidare enn liknande huver i nabokommunar, til dømes i Kvinnherad og Fitjar. Huva vart dessutan større utover 1800-talet. Tysnes-huva vart også kalla lurehuve.

Det går historier om at mønsteret til desse huvene vart laga ved at konene sette seg og huvemønsteret vart teikna etter baken. Og Tysnes-huvene var ofte store! Svarthuva vart brukt av mange eldre kvinner til langt inn på 1900-talet, då ofte til kjolemote. Det er blitt fortald at nokre kvinner vart gravlagde med Tysnes-huva.

Kjelder og litteratur

  • Rage, Britt Kjellesvik: Folkedrakter i Sunnhordland. Frå Tysnes på 1800-talet. 1986.
  • Skaar, Anna: Tradisjon og nyskaping med utgangspunkt i Tysnesbunaden. Hovudfagsoppgåve. 1995.
  • Skaar, Anna Gregoriusdotter: Tysnesbunaden. Bergen. 2002.
  • Trætteberg, Gunvor Ingstad: Foredrag om kvinnebunad i Tysnes. 1951.
  • Noss, Aagot: Krone og Skaut. Oslo. 1996.
  • Opplysningar frå ymse informantar i Tysnes.