Tysnes Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Tysnes sogelag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Logo for Tysnes Sogelag

Tysnes Sogelag vart stifta 20. oktober 1945 i samband med ein stor kulturkveld i Tysnesbygda, ein folkefest med eit tettpakka kulturprogram i ungdomshuset Vonheim.

På slutten av 1950-talet sette laget seg som mål å få skrive ei Tysnes-soge. Etter kvart vart arbeidet overlate til forfattaren Johannes Heggland. Det første bandet, som dekkjer historia fram til 1814, vart publisert i 1963. Det andre bandet kom i 1975.

Eit endå større bokprosjekt vart sett i verk på 1980-talet, då den seinare etnologen Ernst Berge Drange, som den gongen var student og sivilarbeidar, vart engasjert til å skriva ei gards- og ættesoge for Tysnes. Resultatet vart fire ruvande band som kom ut i perioden 1986 - 1981. I 2003 laga Drange eit eige registerband til gards- og ættesoga.

Sogelaget har elles gjeve ut bøkene Tysnesmålet av Johannes Heggland, samt ein større artikkelsamling om Heggland: Johannes Heggland - diktar og historikar.

Frå 2002 har sogelaget årleg gjeve ut årboka Sogeskrift for Tysnes, saman med ein kalendar med bilete frå dei fire kyrkjesokna i kommunen. Sogeskriftet inneheld artiklar av ymse slag, men det har óg kome ut temahefte om krigstida og utvandring. Redaktørar har vore Knut Rage (2002 - 2004), Kirsten Alsaker Kjerland (2005) og Mikal Heldal (frå 2006), medan Olav Skjellevik har vore redaktør for den årlege biletkalendaren som har kome ut sidan 2002.

Forutan forlagsverksemd har laget arrangert foredragskveldar i samarbeid med Tysnes folkebibliotek, og arrangerar årleg også turar til historiske stader og plassar.

Tysnes Sogelag er medlem i Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie. Sogelaget legg vekt på å samarbeida med andre lag og organisasjonar. Sidan 2010 er Mikal Heldal formann i laget, som i 2011 har drygt 200 medlemmar.

Utgjevingar

  • J. Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog, band I (1963)
  • J. Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog, band II (1975)
  • E.B. Drange: Tysnes Gards- og Ættesoge, band 1 (1986)
  • E.B. Drange: Tysnes Gards- og Ættesoge, band 2 (1987)
  • E.B. Drange: Tysnes Gards- og Ættesoge, band 3 (1989)
  • E.B. Drange: Tysnes Gards- og Ættesoge, band 4 (1991)
  • E.B. Drange: Tysnes Register (2003)
  • J. Heggland: Tysnesmålet (2007)
  • Mikal Heldal m.fl.: Johannes Heggland - diktar og historikar (2009)

Utgåande lenker