Vågslid hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vågslid hotell, 1895-1900.
Foto: Knud Knudsen / Marcus - Spesialsamlingene ved Universitetet i Bergen

Vågslid hotell låg på nordsida av Vågslidvatn, på same stad som der Vågslidtun hotell står i dag, ved Vågslid i Vinje kommune. Hotellet vart bygd kring midten av 1890-talet, men brann ned i 1931.

Historikk

Vågslid hotell vart oppført av Knut Bjørgulfson Haukelidsæter.[1] Haukelidsæter dreiv samstundes Haukelidseter fjellstue som låg 15 km nordvestover. Ifylgje Yngvar Nielsen stod hotellet ferdig til bruk i 1893.[2]

Hotellet var ein treetasjes tømmerbygning med ei grunnflate på 10×16 meter.[3] Hotellet hadde plass til om lag 40 gjester og var hovudsakeleg ope i sumarsesongen. Kundegrunnlaget var norske og utanlandske turistar som reiste frå Dalen og over Haukelifjell til Odda.[4]

Fram til 1924 var det Knut Haukelidsæter og kona, Guri Haukelidsæter som dreiv hotellet. Då tok sonen, Olav Haukelidsæter, over drifta og dreiv hotellet fram til det brann ned 3. oktober 1931.[5]

Utklipp frå Aftenposten 16. juni 1909.

Det tok lang tid før det vart bygd nytt hotell på branntomta, men i 1971 stod bygningen som i dag rommar Vågslidtun hotell ferdig oppført.[6]

Referansar

  1. Christenson, 2019, s. 86.
  2. Nielsen, 1893, s. 86.
  3. Christenson, 2019, s. 86.
  4. Grønli, 1992, s. 10.
  5. Christenson, 2019, s. 86.
  6. Grønli, 1992, s. 10.

Kjelder og vidare lesing

  • Christenson, Ragnvald, Ferdsla over Haukeli og dei gamle hotella, Notodden, 2019.
  • Grønli, Jon Terje, "Storhotell på gamle tufter", i Tønsbergs Blad, 8. august 1992.
  • Nielsen, Yngvar (aut), Reisehaandbog over Norge : Med 14 Karter, Christiania og Kjøbenhavn : Alb. Cammermeyers Forlag, 1893. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
  • Ukjend forfattar, "Vaagsli hotel skifter eier", i Morgenposten, 30. mai 1924.
  • Ukjend forfattar, "Hotellbrand i Telemark", i Kongsvinger Arbeiderblad, 6. oktober 1931.

Koordinater: 59.7693547° N 7.388558° Ø