Værøy gamle kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Værøy gamle kyrkje
Vaeroy gamle kirke 02.jpg
Kyrkja i august 2011, sett frå søraust.
Foto: 2011
Stad: Nordlandet på Værøy
Byggeår: 1746/1799
Endringar: Restaurert og ombygd i 1884
Kyrkjesamfunn: Den norske kirke
Bispedøme: Sør-Hålogaland bispedømme
Materiale: Tre
Sitteplassar: 200

Værøy gamle kyrkje er ei trekyrkje fra 1799 på Værøy i Lofoten. Ho vart opphaveleg sett opp i Kabelvåg i 1746, men vart rive og sett opp att på Værøy i 1799. Kyrkja var for stor og kald for kyrkjelyd og prest, og var difor bygd om i åra 1828-37 til den formen ho har i dag. Den er ei tømmerbygning med rektangulært skip og eit lågare og smalare kor.

Tidleg på 1880-tallet var kyrkja så sterkt skada av uver at ho måtte totalrenoverast. Ho vart då samstundes utvida med at kor og sakristi vart forlenga mot aust.

Ho vart erstatta som soknekyrkje av Værøy kyrkje på Sørværøy då denne vart bygga i 1939.

Galleri

Kjelder


Artikkelen Værøy gamle kyrkje er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.