Val til Riksforsamlinga 1814 i Bygland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Valet til Riksforsamlinga 1814 i Bygland vart gjennomført i dei fire soknekyrkjene i Bygland prestegjeld. Adressa vart underteikna på Bygland prestegard den 11. mars 1814. Den kortfatta adressa gjev fullmakt til dei valde frå prestegjeldet, men nemner ikkje sjølvstendeeiden.
Valordninga var såleis at prestegjelda skulle velje to valmenn, som skulle møte på ei amtsforsamling. I Råbyggelag amt valde dei i staden to valmenn frå kvart sokn.
Dei valde frå Bygland var:
- Bygland sokn: Ole Grundesen Skievrag og Targie Jørgensen Hauge
- Sandnes sokn: Osov Knudsen Sannes og Torgrim Olsen Rossevold
- Austad sokn: Danneield Evendsen Ouse og Grunde Olsen Oustad
- Årdal: Evend Tarchild og Gundsten Grundesen Frøyrak
Eivind Torkjelson Lande, i fullmakta nemnd som Evend Tarchild, vart på amtsforsamlinga vald som andre representant til Riksforsamlinga.
Dei som underteikna fullmakta var:
- Anker Bruun
- O.G. Bakke
- Gutorm Christensen Dalle
- Ole Thorsen Wadsenden
- Tarald Olsen Rødningen
- Knud Olsen Nordenaae
- Haaver Olsen Biercheland
- Evend Knudsen Langey
Kjelder
- Riksforsamlingens forhandlinger. 2 : Adresser og fuldmagter. Grøndahl & Søns Boktrykkeri. Kristiania. 1914. Digital versjon på Nettbiblioteket